God på økonomi, dårleg på klima

Regjeringa bremsar heldigvis opp bruken av oljepengar, men klimaambisjonane er altfor slappe.

BETRE: Finansminster Siv Jensen (Frp) legg opp til ein fornuftig pengebruk i forslaget til årets statsbudsjett. Samstundes kastar budsjettet ein mørk skugge over klimapolitikken til regjeringa, skriv BT på leiarplass. Håkon Mosvold Larsen

Etter mange år med høg oljepengebruk er det gledeleg at regjeringa vil stramme inn litt neste år. Så bra som norsk økonomi går, skulle det berre mangle.

I forslaget til statsbudsjett for neste år legg regjeringa rett nok opp til å auke oljepengebruken, men mindre enn tidlegare. I flaumen av tal var kanskje det viktigaste at utgiftene i statsbudsjettet berre aukar med 0,8 prosent, når ein trekker frå prisveksten («underliggande utgiftsvekst»).

Ifølgje regjeringa er det den lågaste utgiftsveksten sidan handlingsregelen vart innført, med unntak for 2018.

Det er sjølvsagt òg bra at regjeringa held seg godt under taket i den såkalla handlingsregelen, ved at oljepengebruken «berre» utgjer 2,6 prosent av oljefondet. Men det talet lyg noko, fordi den uvanleg svake kronekursen bles opp verdien av oljefondet.

Les også

Slik vil lommeboken din bli påvirket av neste års statsbudsjett

At norsk økonomi går godt er ikkje sjølvsagt. Regjeringa skal ha ein del av æra, men dei gode tidene skuldast i større grad ei svak krone og store investeringar i oljesektoren. Statsbudsjettet legg til grunn at kronekursen vil svekke seg ytterlegare neste år, noko som er bra for norsk eksportindustri og turistnæringa.

Men industrien står framfor store utfordringar. Med mindre det skulle kome nye, store oljefunn vil investeringane i oljesektoren falle markant frå 2021. Det vil bli merkbart i norsk økonomi, spesielt langs vestlandskysten. Det hastar med andre ord å omstille norsk industri.

Men det hastar òg med å få ned norske klimautslepp. I statsbudsjettet slår regjeringa fast at utsleppa neste år vil bli om lag 51 millionar tonn. Det er omtrent som i 1990 og 3–5 millionar tonn meir enn måla i klimaforliket for 2012. Her har regjeringa rett og slett ikkje gjort jobben sin.

Utviklinga framover er like nedslåande. Utan nye tiltak vil utsleppa fram til 2030 berre gå ned med tolv prosent, ifølgje ein oversikt i budsjettet. Det er langt unna både regjeringas eigne mål, og reduksjonen på 40 prosent Noreg har lova i Parisavtalen.

Regjeringa meiner tala er utdaterte, fordi dei ikkje tek med dei nye (enno ikkje vedtatte) tiltaka i budsjettet. Desse er både gode og viktige. Men ingen av dei vil gjere at kutta kjem i nærleiken av 40 prosent, for ikkje snakke om 50 prosent, som vil krevjast om ein skal nå 1,5-gradarsmålet.

Utan nye, sterke tiltak vil Noreg dermed vere avhengige av massive kvotekjøp i utlandet. Det er rett og slett ikkje godt nok.