Dropp val-moralismen

Bergen kommune bør avslutte sine SMS-eksperiment med veljarane.

PEIKEFINGER: Politikarane bør engasjere veljarane for å få opp valdeltakinga, ikkje sende ut moraliserande tekstmeldingar, skriv BT på leiarplass. EIRIK BREKKE

Høg valdeltaking bør vere uttrykk for eit levande demokrati, og ikkje resultat av moraliserande meldingar frå stat og kommune.

Likevel har det vore essensen i fleire eksperiment dei siste åra, der det offentlege har sendt tekstmeldingar til folk i forkant av val. Målet har vore å sjå om det kan auke valdeltakinga.

Ved Stortingsvalet i fjor haust sende Bergen kommune ut 200.000 tekstmeldingar til byens borgarar på valdagen. I to ulike formuleringar vart dei oppfordra til å røyste ved valet.

SMS-utsendinga gjekk inn i eit forskingsprosjekt på Norges Handelshøyskole (NHH). Måndag kom det første resultatet av forskinga: Ein førebels analyse viser at meldingane kan ha auka valdeltakinga med mellom eitt og to prosentpoeng.

Eksperimentet er i seg sjølv problematisk fordi bruken av to ulike meldingar hadde potensial til å påverke valresultatet, sjølv om forskaren bak meiner det er tatt omsyn til.

At det offentlege kjem ut til folk med sakleg informasjon om valet, er bra. Men meldingane kommunen sende ut på valdagen i fjor gjekk lenger: «Hei! Husk å stemme på mandag. Din stemme kan avgjøre valget!», var ordlyden i den kortaste varianten. Den andre meldinga la til at folk plar røyste i veljarens område, og at Bergen har høgare valdeltaking enn Oslo og Trondheim.

Doktorgradsstipendiaten som forskar på meldingane er opptatt av korleis folk kan påverkast til å gjere «rette» val, såkalla «nudging». Meldingane kan difor lesast som ein form for manipulasjon, ei offentleg moralisering: Det å røyste er ei plikt, ikkje berre ein rett.

Men det å sitje heime på valdagen er òg ein rett, og dei som gjer det fortener ikkje å bli stempla som mindreverdige. Å få opp valdeltakinga gjennom moraliserande tekstmeldingar er å skjule veikskapar ved demokratiet.

I staden for å skubbe likegyldige veljarar inn i vallokala, bør politikarane arbeide for å auke interessa for politikk. At folk let vere å røyste fordi dei ikkje ser forskjellar på dei ulike partia, er høgst rasjonelt.

Folk som sit heime fordi dei ikkje finn noko parti som representerer sine interesser synleggjer òg eit problem med politikken.

Låg valdeltaking er difor i seg sjølv eit viktig politisk signal ein ikkje bør dekke over gjennom offentlege peikefinger-kampanjar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».