Sjefslønene i staten må tøylast

Regjeringa må bruke Riksrevisjonens rapport til å stogge leiarlønsfesten i staten.

REFS: Riksrevisor Per-Kristian Foss er uroa for at toppleiarlønene i mange statlege selskap aukar dels langt meir enn lønsveksten elles. Regjeringa bør stogge utglidinga, skriv BT på leiarplass. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

Publisert:

Statlege selskap brukar ikkje sine eigne pengar, til forskjell frå private bedrifter. Dess viktigare er det då at regjeringa passar på pengebruken, på vegner av oss alle. Det gjer dei ikkje alltid, viser ein rapport Riksrevisjonen la fram denne veka.

I over halvparten av dei 43 undersøkte selskapa hadde toppleiaren ein lønsvekst (i prosent) som låg til dels godt over den generelle lønsveksten i åra 2014–2017. Det same gjorde godtgjerslene til styra i 27 av selskapa.

I sju av selskapa auka den samla godtgjersla til toppleiarane mellom 20 og 40 prosent, noko som òg er langt over snittet for bedriftsleiarar i privat sektor.

Rapporten har fått leiaren i Stortingets kontrollkomite, Dag Terje Andersen (Ap), til å hevde at leiarlønene i staten er ute av kontroll. Styrken i utbrotet må tolkast politisk, men regjeringa ville gjere dumt i å la det bli ein spire til apati. Rapporten må takast alvorleg og taumane strammast der det trengst.

Regjeringas eigen politikk er at leiarlønene i statlege selskap skal vere konkurransedyktige, men ikkje lønsleiande. God styring av statlege verksemder er avhengig av gode leiarar. Då kan løn vere ein reiskap til å få rett person.

Men godtgjerslene må samsvare med prestasjonane. Eit døme på at det ikkje alltid er tilfelle er NSB-sjef Geir Isaksen. I fjor fekk han ein bonus på 1,3 millionar kroner, på toppen av løna på 3,7 millionar. Som riksrevisor Per-Kristian Foss seier til NTB: «Det vil nok overraske mang en togpassasjer».

Det er høgst urovekkjande at mange av styra i statlege selskap sjølve er med på pengegaloppen. Ifølgje rapporten har styregodtgjerslene til åtte av dei undersøkte selskapa auka med ti prosent kvart år frå 2015 til 2017. Det er fire gongar den generelle lønsveksten.

For toppleiinga i selskapa er jo dette fine greier, sidan det aukar sjansen for at styra er like rause med deira lønstillegg. Meiner regjeringa utviklinga i dei konkrete selskapa er naudsynt, må dei gje ei skikkeleg grunngjeving for det. Viss ikkje må dei stogge utviklinga.

Regjeringa bør òg sørgje for at alle statleg eigde selskap er opne om godtgjerslene til styrer og dagleg leiar i årsmeldingane. Det er slett ikkje alltid tilfelle, viser Riksrevisjonens rapport.

Statlege selskap er eigd og betalt av folket. All informasjon om godtgjersler til styrer og leiing må difor vere offentleg tilgjengeleg, for at folket skal kunne følgje med på korleis pengane deira blir forvalta. Rapporten viser at dei ikkje kan stole på at regjeringa gjer den jobben.