Endå ei utgreiing

Det er tent eit nytt håp for ei rett ubåtavgjerd.

GODT NYTT: Regjeringa gir seg sjølv endå meir informasjon for å vere sikker på at dei vel rett løysing for ubåtvraket. Det er godt nytt, meiner Bergens Tidende. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (Illustrasjon)

Publisert:

I fjor haust bestemte regjeringa seg for å dekkje til det tyske ubåtvraket (U-864) ved Fedje. No har styresmaktene ombestemt seg – igjen. Denne gongen er det bra at bremsene vert sett på.

Den nye utgreiinga skal nemleg vurdere ny hevingsteknologi.

Regjeringa gir seg sjølv endå meir informasjon for å vere sikker på at dei vel rett løysing for ubåtvraket. Det er godt nytt.

Det viktigaste er ikkje kva løysing som vert gjennomført, men at heving eller tildekking ikkje fører til store utslepp. Det er 67 tonn kvikksølv om bord, og ein stor lekkasje vil bli tatt opp av dyrelivet i havet.

Til slutt kan kvikksølvet hamne på middagsbordet. Det gjer ubåtvraket til eit stort, nasjonalt miljøproblem.

Les også

Ny kartlegging om Fedje-ubåten

U-864 er ein verkebyll for Fedje-samfunnet, og for alle som er opptekne av forureining av havet. Lokalsamfunnet fortener ei avklaring snart, etter å ha levd med kvikksølvfaren sidan funnet i 2003.

Sidan den gong har saka vore prega av endelause utgreiingar, snuoperasjonar og avgjerdsvegring. Den raudgrøne regjeringa vedtok både heving og tildekking, medan dei borgarlege partia støtta heving i opposisjon og tildekking i posisjon.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Spørsmålene kan ikke dekkes til

Trass i den lange saksgangen, er det likevel grunn til å tru at styresmaktene ikkje har tilstrekkeleg informasjon til å vite kva som er det tryggaste valet. Teknologi som ikkje eksisterte for få år sidan kan no bli vurdert.

Det vert feil å dekkje til ubåten dersom det er blitt tryggare å heve den.

Ubåten har vore eit stridstema i meir enn 15 år, med tallause rapportar, utgreiingar og vedtak. Forhåpentlegvis er dette den siste utgreiinga som er nødvendig.

No er det viktig at saka ikkje vert avgjort djupt nede i eit statsbudsjett. Det endelege vedtaket om kva som skal skje med ubåten må til Stortinget som ei enkeltsak, slik at det vert lett å sjå kven som stemmer kva.

Det fortener folket på Fedje.