Kommunen skal ikkje spekulere i bustadar

Fylkesmannen gjer rett i å stoppe byrådet frå å drive bustadbygging på Laksevåg.

FORTETTING: OBOS planla nye leilegheiter i Vågedalen på Laksevåg. Dei lukkast ikkje, og selde prosjektet vidare til Midgard Gruppen. Då forsøkte Bergen kommune å bruke forkjøpsretten til å overta eigedomen. Tysseland Arkitektur/VY (Illustrasjon)

Byrådet i Bergen ville bruke 50 millionar kroner på å kjøpe ti tomme hus på Laksevåg. No har Fylkesmannen sett foten ned for prosjektet, og det er fornuftig.

Formålet med det planlagde kjøpet, var å unngå at den private utbyggjaren skulle leige ut 130 planlagde leilegheiter. Vågedalen på Laksevåg har sosiale utfordringar, og området er blant dei som kjem dårlegast ut i kommunens levekårsundersøking.

Ap-, KrF- og Venstre-byrådet har nok rett i at storstilt utleigeverksemd ikkje vil bidra til å betre forholda i området.

Samtidig er ikkje utleigebustadar problematisk i seg sjølv. Det er mange som ønskjer å leige, og byen treng ein fungerande leigemarknad der prisane ikkje blir for høge.

Les også

BTs leiar: Kommunen blandar rollene

Les også

Byrådet: – Forkjøpsretten er et nødvendig verkemiddel for sosial bustadbygging

Fylkesmannens ankepunkt mot kommunen er at dei ikkje kan bruke forkjøpsretten for å rive eksisterande bustadar. Det trass i at den private utbyggjaren planlegg å rive dei.

Forkjøpsretten er meint for å gi kommunar mogelegheit til å kjøpe leigegardar. Opphavleg var den til for at leigetakarane skulle kunne kjøpe leigegarden, men no kan kommunane òg krevje forkjøpsrett for å kunne eige den sjølv.

Men det kreative forslaget ville vore problematisk, sjølv om det skulle vere lovleg. For bruken av forkjøpsrett i dette høvet er prinsipielt problematisk. Kommunen skal ikkje drive med ordinær bustadutvikling.

Byrådet styrer plan- og byggjesaksavdelinga i kommunen, og den reguleringsmakta må ikkje blandast med utbygging i konkurranse med private.

Det er ikkje nok å ha eit godt formål.

Les også

– Dette vil fornye Laksevåg

Kommunen har enno høve til å sikre seg bustadane gjennom såkalla oreigning. Det offentlege kan ekspropriere eigedom. Det bør kommunen droppe. Den private utbyggjaren har ein godkjent reguleringsplan, og dei må få byggje viss dei ønskjer det.

Høgre har kritisert byrådet for forsøket på å kjøpe eigedomane i Vågedalen. Henning Warloe (H) seier at kommunen bør leige færre bustadar viss dei er redd for opphoping av kommunale bustader.

Kjøpet i Vågedalen ville kosta kommunen 50 millionar kroner. Byrådet kan no bruke desse pengane på nye kommunale bustadar på stader der det ikkje er slike i dag. Då kan ein på sikt redusere opphopinga av kommunalbustadar på Løvstakksiden.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev kvar onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».