Dalai Lama går kjøkenvegen

Noreg vel å krypa for Kina. Det er ikkje vakkert.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Kinesisk press vil lukkast: Dalai Lama blir ikkje motteken av den norske regjer-inga eller Stortinget. Det er eit skammeleg nederlag for norske menneskerettsproklamasjonar. Den norske unnvikingspolitikken kan også gje Kina vatn på mølla overfor andre land. Norske politikarar står med buksa nede på kneet, avkledd av realpolitikken.

«Menneskerettighetene har en lei tendens til å tape for næringsinteressene. Det ser vi tydelig både når det gjelder nasjoners og firmaers forhold til menneskerettsbruddene i Kina», skreiv Erna Solberg i boka «Mennesker, ikke milliarder» i 2011. Som statsminister gjer ho no det feilsteget ho åtvara mot i 2011: «Hvis vi bare er opptatt av å sikre norske næringsinteresser, og ikke stiller tydelige krav til våre handelspartnere på dette området, gjør vi alvorlige feilsteg».

Det er Kinas nye stormaktsstatus som har innhenta statsministeren, i kollisjon med norske ambisjonar om å vera ei fredsstormakt. Noreg har sola seg i glansen av Nobels fredspris. Norske politikarars plass i sola har overskugga det som skulle vera nobelpriskomiteens sjølvstendige posisjon. Tildelinga av fredsprisen til den kinesiske regimekritikaren og dissidenten Liu Xiaobo i 2010 utløyste ein kinesisk vreide som har slått tilbake på Noreg som nasjon.

Noreg burde vera ein av dei få nasjonane som kan ta seg råd til å tola kinesiske straffetiltak for det som blir oppfatta som å oppmuntra til kriminalitet i Kina, ettersom Liu Xiaobo er straffedømd. Ein slik provokasjon, tek ikkje Kina lett på. Om regjeringa møter Dalai Lama, kan konflikten med Kina halda fram inn i æva, seier Henning Kristoffersen, ein av Noregs fremste ekspertar på handel med Kina.

Norske styresmakter tek seg tydelegvis ikkje lenger råd til konflikten. Kinesisk overmakt er for stor, norsk motstandskraft er for lita. Dalai Lama er devaluert.

Som fredsprismottakar i 1989 var Dalai Lama ein person som både norske og utanlandske politikarar hylla og svært så gjerne let seg avfotografera med. Han var den høgt respekterte talsmannen for det okkuperte Tibet. Stjerna hans har bleikna i takt med framveksten av Kina som stormakt. Norske politikarar er ikkje åleine om å vika unna av realpolitiske omsyn, men framleis blir han motteken av ei rekkje statsleiarar og framståande politikarar i andre land.

Land som Danmark og Nederland synest å vera mindre utsett for kinesisk press enn Noreg, med tilsvarande større fridom til å utøva ein menneskerettspolitikk på tvers av kinesiske interesser. Men når Noreg gjev etter, kan kinesiske styresmakter oppfatta det som eit signal om at andre, små nasjonar også er sårbare. Kinas stormaktsambisjonar er i vekst, det same er den reelle makta landet representerer.

Henvisinga av Dalai Lama til kjøkenvegen vitnar om kvar grensene no er sett for norsk menneskeretts— eksport. Noreg må likevel ikkje lata vera å arbeida aktivt for menneskerettane i land der norske næringsinteresser er representerte. Det er dei store orda som bør dempast.

Publisert
BT anbefaler

Hard eller rolig start? Her er Stoltzen-triksene.

Anita Lilleskare er ikke bare vanvittig rask opp Stoltzekleiven. Hun har også kuttet tiden drastisk. Fra 12.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Her var det innbrudd i natt

  2. Rundt 15 prosent av kvinner har samme sykdom som Regine. De fleste vet det ikke.

  3. – Hadde alt av gode venner og var skoleflink

  4. Regjeringen orienterer om koronasituasjonen i dag

  5. 13.000 har rett på en tredje dose. – Det er utfordrende å få kontakt.

  6. Minst 13 skutt på amerikansk supermarked