Heim frå kalifatet

Noreg bør ikkje hjelpe IS-krigarar eller konene deira å kome heim igjen.

VIL HEIM: Den britiske IS-kona Shamina Begum vil tilbake til Storbritannia, men britiske styresmakter har kansellert statsborgarskapet hennar.

Reuters

Terrorgruppa IS har stått for grufulle overgrep mot både enkeltpersonar og heile folkegrupper. No er terrorgruppa i ferd med å miste det siste landområdet sitt i Syria, og arresterte IS-krigarar og -koner vil heim.

Deltaking i ei slik gruppe må sjølvsagt straffast innanfor rettsstatens rammer.

Noregs tilnærming til IS-krigarar som vil heim har vore fornuftig. IS-kvinner og -menn får kome tilbake til Noreg, men vil bli straffeforfølgde for tilknytinga til IS.

Norske styresmakter vil ikkje hjelpe dei heim, seier statsminister Erna Solberg (H).

Dommen mot kvinna frå Nordfjordeid, som forsøkte å reise til Syria for å knyte seg til IS, vart tidlegare i veka dømt til nesten tre år i fengsel.

Det er ein indikasjon på at rettsvesenet er kapabel til å handtere heimvende framandkrigarar.

Les også

Podkast: Her opererte Noregs einaste IS-dømte kvinne. Slik kjempa ho for det brutale kalifatet frå ei bygd på Vestlandet.

Dersom framandkrigarane kjem tilbake til Noreg, må barna deira takast vare på.

Så lenge faren eller mora er norske statsborgarar, er barnet det òg. Ungane har ingen skuld i situasjonen dei er i.

Dersom mødrene ikkje vil la barna reise heim, er det derimot lite Noreg kan gjere med det.

Den norske tilnærminga står i motstrid til den britiske saka til Shamina Begum. Ho reiste for å slutte seg til IS som 15-åring, og ønskjer å returnere til Storbritannia med sitt nyfødde barn.

Britiske styresmakter kansellerte statsborgarskapet hennar, og no er ho statslaus. Det er ein uhaldbar reaksjon, og eit brot med internasjonal lov.

Britane forklarar avgjerda med at Begum kan kvalifisere for statsborgarskap i Bangladesh, der foreldra hennar er frå.

Ønsket om ein internasjonal domstol for IS-krigarar er forståeleg, men den kjem neppe til å vere relevant for dei aller fleste norske framandkrigarane eller konene deira.

Internasjonale domstolar fokuserer oftast på høgtståande medlemmer.

Høgre og Frp ønskjer å kunne ta frå framandkrigarar statsborgarskapet gjennom eit administrativt vedtak. Det vil berre vere mogeleg å gjere mot dei som har dobbelt statsborgarskap.

Kansellering av det norske statsborgarskapet er uansett ei ansvarsfråskriving. Radikaliseringa deira har skjedd i Noreg, og dersom dei ikkje vert straffa i Noreg, er det godt mogeleg at dei ikkje vert straffa i det heile.

Det er ingen andre enn framandkrigarane tente med.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».