Å bytte ut brustein med asfalt er kortsiktig og historielaust

Fylkeskommunen bør heller lage vegar som toler bilar.

Dina Lefdal og Ingrid Anne Padøy i Vestland fylkeskommune meiner brustein er for dyrt.
Publisert: Publisert:
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Ingen kan mistenkje Vestland fylkeskommune for å vere estetikarar. Dei vil no bytte ut brustein i sentrumsgatene i Bergen med asfalt.

Brustein er for dyrt, meiner fylket. Dei viser til at det kostar seks gongar meir å leggje brustein enn asfalt.

Ein ting er at brusteinen er ei grunnleggjande del av Bergens historie og sjel. Slikt kan ein tydelegvis ikkje vente at fylket bryr seg om.

Men når ein først skal drive med slik historisk vandalisme, bør ein i det minste ha evne til å tenkje langsiktig. Det gjer ikkje fylket.

Lappeteppe i Jon Smørs gate.

Brustein er langt meir slitesterk enn asfalt. Den varer i prinsippet bortimot evig, medan asfalt blir slite ned og må leggjast på nytt med jamne mellomrom.

Fylkets vegbyråkratar argumenterer med at fleire av vegane, som Jon Smørs gate, må lappast på med jamne mellomrom. Ikkje fordi brusteinen blir nedsliten, men fordi underlaget gjev etter.

Då blir det sjølvsagt dyrt å ta opp steinane, fylle på med masse og leggje han tilbake. Asfalt er billigare.

Få ting er meir bergensk enn bekkalokk og brustein.

Men det er å snu problemet på hovudet. Jon Smørs gate er, som anleggsgartnar Sigurd Boasson seier til BT, bygd for hest og kjerre. Ikkje moderne bilar og tyngre køyretøy.

I staden for ei kortsiktig lapping, bør sjølvsagt fylket fundamentere dei aktuelle gatene skikkeleg. Legg ein så brustein på det, har ein eit bortimot vedlikehaldsfritt dekke.

Ja, det vil koste meir i utgangspunktet. Men på sikt vil fylket spare pengar på vedlikehald.

Bergen har hatt brusteinlagte gater sidan hanseatane la steindekke i Øvregaten i 1570. Gata ligg der framleis, med brustein som naturleg fartsdemparar.

Brusteinane er ei fysisk kopling mellom dagens innbyggjarar og fortida. I tillegg til å byggje identitet, er brusteinlagte gater òg ein viktig del av den synlege historia som gjer Bergen interessant for tilreisande.

Fylkeskommunen bør difor løfte blikket frå reknearka, gje vegane eit skikkeleg fundament og dekke gatene med brustein.

Publisert: