Tillitskrise i landbruket

Avsløringane om dyremishandling i norsk svineproduksjon bør mane til ettertanke, også hos norske forbrukarar.

ALVORLEGE FUNN: Dokumentarfilmen «Griseindustriens hemmeligheter» avdekker uhaldbare forhold i norsk svineproduksjon. Her er eit stillbilete frå filmen. Piraya Film, NRK

Torsdag kveld viste NRK dokumentarfilmen «Griseindustriens hemmeligheter». Filmen følgjer Norun Haugen som vitjar ei rekke grisebønder med skjult kamera.

Vi får sjå vald mot dyra. Sjuke og skadde grisar blir liggande for å døy. Ein bonde kastrerer grisungar utan å tilkalle veterinærar eller bruke bedøving. Grisar blir avliva utan at bøndene følgjer regelverket.

Filmen dokumenterer innsida av norsk svineproduksjon på ein måte Noreg hittil ikkje har sett. Det gjer sterkt inntrykk å høyre bønder fortelje at dei garantert hadde mista løyvet til å drive om metodane hadde blitt oppdaga.

Dette er svineprodusentar som med opne auge hoppar bukk over lover, reglar og etiske vurderingar. Det gjer filmen særleg skremmande.

Les også

TV-doku­mentar om svine­produ­senter ryster poli­tikerne

Bransjen har i årevis sagt at dei har kontroll på dyrevelferda og at tiltaka deira fungerer. Filmen viser at dette langt frå er tilfelle.

Norske svinebønder, Nortura og bondeorganisasjonane må gjere det dei kan for å rydde opp. Dei må vise kva tiltak dei tenkjer å setje i verk for å kunne bevise at dei driv forsvarleg.

Svinebønder som plager dyra må bli nekta å drive. Det har knapt skjedd til no. Produksjonen må bli langt opnare enn i dag, slik at det blir lettare å vurdere dyrehaldet.

Mattilsynet har allereie tillitsproblem etter skandalen med den feilaktige pelsdyrrapporten i Sandnes. No ser vi på nytt at deira kontrollar ikkje er gode nok.

Likevel er det ikkje slik at statens kontrollorgan kan drive med skjulte inspeksjonar. Det må vere tillit mellom bønder, styresmakter og forbrukarar. Den tilliten må bøndene og Mattilsynet no vinne tilbake.

Les også

BT mener: Noen må ha kontroll på kontrollørene

Styresmaktene må sjå i auga at dagens metodar ikkje held, og legge til grunn at problema gjeld fleire enn dei 13 gardane som er omtalt i filmen. Det kan medføre meir kontroll og hardare sanksjonar.

Men svineskandalen råkar også oss forbrukarar: Vi forventar billeg kjøt. Mange reiser til utlandet dersom dei meiner prisane på norsk svin er for høge. Det er ikkje lett å drive etisk forsvarleg og samstundes vere konkurransedyktig på pris.

Vi må ete mindre kjøt i framtida av omsyn til klimaet. Ei naturleg løysing er då færre og dyrare svin.

Norske forbrukarar bør òg tenkje over om tida er inne for å godta høgare pris for å bidra til dyrevelferda.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».