Dette var ingen fredsplan

Trump skaper ikkje fred i Midtausten med ein parodi av ein fredsplan.

Publisert Publisert

GIR ALT: Benjamin Netanyahu og Donald Trump møttest i Det kvite hus i Washington, DC. Der presenterte dei to statsleiarane ein fredsplan for Israel-Palestina-konflikten. Foto: Kevin Lamarque/Reuters, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

USAs president Donald Trump og Israels statsminister Benjamin Netanyahu presenterte tysdag ein såkalla fredsplan i Israel-Palestina-konflikten.

Ingen frå den palestinske sida deltok.

Dette var eit partisk framlegg, som ikkje er realistisk å gjennomføre. Tvert imot viser planen kor langt unna partane er ei reell tostatsløysing.

Planen anerkjenner israelske busetjingar og ville etterlate seg eit Palestina utan reell mogelegheit til sjølvstyre. Det mest grunnleggjande for ein stat er å kunne hevde suverenitet og kontrollere sitt eige territorium.

Det er umogeleg så lenge territoriet er perforert av eit utal israelske busetjingar, delt i to av ein grensemur og bunden saman av tunnelar og bruer.

EIN UMOGELEG STAT: Kartet som følgjer med Trumps såkalla fredsplan viser eit palestinsk territorium som er delt opp i mange ulike bitar. Foto: Whitehouse.gov

Eit av hovudpunkta i planen, var at Jerusalem skulle vere udeleleg, og fullstendig kontrollert av Israel. Palestinarane skulle bli henvist til ein ny by utanfor Jerusalem.

Båe sider ønskjer kontroll over sentrale deler av Jerusalem, som inneheld heilage stader i både jødedomen og i islam. Statusen til Jerusalem er noko av det som gjer konflikten svært fastlåst.

Det går ikkje an å løyse denne situasjonen ved å gi ein part alt dei vil ha.

Trumps plan gir heller ingen palestinske flyktningar rett til å returnere til Israel. Igjen fekk Israel fullt gjennomslag. Ikkje så rart, sidan det var ein partisk plan.

Noreg har vore tett involvert i tidlegare fredsprosessar. Difor er det viktig at utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er så tydeleg i sin kritikk av det einsidige framlegget.

Søreide omtalar framlegget som uakseptabelt.

Ei to-statsløysing ville vore i Israels beste interesse. Eit avklart forhold til ein palestinsk stat ville truleg redusert spenningane mellom partane. Israel har vore utsett for mange terroråtak opp gjennom åra, og frykten for nye åtak er forståeleg.

Då er det trist å sjå korleis USA og Israel går saman om ein plan som dei veit palestinarane seier nei til. No kan Trump og Netanyahu seie at palestinarane igjen har takka nei til fred. Men det er ei løgn.

For freden var aldri på bordet i denne parodien av ein plan.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».