No må regjeringa stå ved løftet sitt

Fleire kommunar som frå nyttår slår seg saman, kjem til å tape økonomisk – stikk i strid med kva regjeringa lova.

FRAM MED PENGANE: For ei fleirtalsregjering bør det vere svært enkelt å greie å stå ved løfta sine: Samanslåingskommunane må få pengane dei er blitt lova, skriv BT på leiarplass. Silje Katrine Robinson (arkiv)

Frå nyttår blir kommunekartet på Vestlandet radikalt endra. Dei fleste av desse kommunane kjem til fordi dagens kommunar har funne saman på frivillig grunnlag. Det er bra.

Ein svært viktig grunn til at dette har gått såpass smertefritt mange plassar, er den økonomiske tryggleiken frå staten:

Kommunane skal ikkje tape på å slå seg saman. Det har regjeringa og kommunalminister Monica Mæland (H) lova ved fleire høve.

Frå nyttår vil nye Sunnfjord tape om lag åtte millionar samanlikna med kva Førde, Naustdal, Jølster og Gaular ville fått kvar for seg, melder Firda.

Grunnen er at nye Sunnfjords inntekter blir på om lag 91 prosent av det nasjonale nivået. Naustdal, Jølster og Gaular ville alle fått under 90 prosent, noko som kvalifiserer til eit inntektsutjamnande tilskot.

Les også

Kommunereformen skulle gi kommunene bedre råd. Men i Bjørnafjorden frykter de millionkutt.

Men Sunnfjord er ikkje åleine. Også Øygarden får ein markert lågare vekst enn landssnittet. Slik det ser ut no, slit dei med den same regelen som i Sunnfjord, melder Vestnytt.

Nye Bjørnafjorden kjem aller verst ut: Der kjem det ingen vekst i det heile, skreiv BT om førre veke.

Kommunen blir på ingen måte kompensert for dei store utgiftene dei har med samanslåing, og får langt mindre enn kva Os og Fusa ville fått kvar for seg.

Til saman teiknar dette eit bilete av ei regjering som spring frå løfta sine i ei særs viktig sak. Det er synd, fordi Vestlandet treng at fleire kommunar slår seg saman. Det blir vanskelegare når kommunane må frykte at pengane forsvinn ved fusjon.

Kommunereforma var aldri meint som ei sparereform. Stordriftsfordelane skulle kommunane kunne hente ut i form av betre tenester til innbyggarane. No blir det i staden staten som vinn på at kommunane har gjort samanslåingsjobben.

Regjeringa varslar at ei løysing kan vere at kommunane blir kompensert gjennom skjønnsmidlar frå fylkesmannen. Det er freistande å seie at pengar er pengar, men denne løysinga held ikkje mål.

Dette er pengar som er meint til å løyse uføresette og akutte problem i kommunane, som til dømes ved eit ras eller ein flaum. Staten må i staden sikre at kommunane ei føreseieleg ordning.

No har regjeringa levert statsbudsjettet til Stortinget, og det er dei som har ansvaret for å finne ei løysing på denne floka.

Regjeringa har fleirtal på Stortinget. Dermed bør det vere svært enkelt å kunne stå ved løfta.

Samanslåingskommunane må få pengane dei er blitt lova.