Gode råd i rett tid

Bergen kommune viser tydeleg leiarskap og gjev klare instruksar under koronakrisa. Det fortener dei honnør for.

Publisert Publisert

Helsebyråd Beate Husa (KrF), byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og kommunaldirektør Robert Rastad stilte tysdag på pressekonferanse med nye restriksjonar for bergensarane. Det er varsla at fleire tiltak kan kome. Foto: Marita Aarekol

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 21 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Tysdag ettermiddag stilte byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i spissen for fleire av kommunetoppane på ein pressekonferanse. Der la dei saman fram ei rekke reglar, restriksjonar og tiltak som alle i Bergen no må følgje:

  • På uteplassar, arenaer og samlingsstadar må alle som ikkje har ein tilvist plass halde éin meter frå neste person.
  • Alle arrangement med over 500 deltakarar blir avlyst.
  • Det blir avgrensingar på vitjingar til sjukehus, eldreinstitusjonar, bufellesskap og heimane til personar i sårbare grupper.

Kommunen har også presisert reglane for karantene, mathygiene og personleg hygiene.

Noko av dette verkar kanskje sjølvsagt, men manglande interesse, menneskelege feil og rein uvilje må bli møtt med tydeleg informasjon og klare krav framover.

Les også

Koronautbruddet direkte

Brot på karantenereglane kan bli straffa med bot eller fengsel i inntil to år. Om liv går tapt, kan fengselsstraffa vere på fire år. Det seier noko om alvoret i saka.

Bergen er den fyrste kommunen i landet som innfører denne einmetersregelen.

Kommunen set seg i førarsetet og viser at dei verkeleg vil gjere sitt ytste for at konsekvensane av koronasmitte blir så små som mogeleg i vest.

Dette står i skarp kontrast til tonane frå styresmaktene sentralt. «Det er synd at det er vi som må gjøre dette. Vi savner klarere og tydeligere retningslinjer nasjonalt», sa helsebyråd Beate Husa (KrF) om si eiga regjering.

Les også

– For mange ringer oss, sier legevaktsjefen

Kampen mot koronasmitte er ein solidarisk dugnad alle må delta i. For dei fleste er ikkje smitte farleg, men ved å bli ein smitteberar kan ein utgjere ein stor risiko for andre personar.

Onsdag varsla byrådsleiar Valhammer at det kan kome nye restriksjonar knytt til mellom anna kollektivtransport, cruiseskip som ligg til land i Bergen og reglar for kommunalt tilsette som kan nytte heimekontor.

Dette er bra. Byrådet fortener full støtte for den offensive haldninga dei har vist i denne saka. No treng vi tydeleg leiarskap, og så er det opp til alle byens innbyggarar å hjelpe kvarandre med å etterleve reglane på best mogeleg måte.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».