På veg til maktspreiing

Meir makt bør flyttast ut frå hovudstaden. Omorganiseringa av Statens vegvesen bidreg til akkurat det.

HEILE LANDET: – Utflytting frå Oslo vert alltid møtt med stor skepsis, men hovudstaden er langt frå den einaste plassen der det finst kompetent arbeidskraft, meiner BT. Gorm Kallestad, NTB Scanpix (Arkiv)

Statens vegvesen skal gjennom ei stor omorganisering.

Fleire hundre arbeidsplassar vert flytta ut av hovudstaden, og rundt 1850 tilsette vert overførte til fylkeskommunane. Dette er ei viktig maktspreiing, men skal òg bidra til å spare pengar.

Bakgrunnen er at Statens vegvesen er blitt beden om å spare 250–350 millionar kroner årleg.

Den største organisatoriske endringa, er at Statens vegvesen skal organiserast etter divisjonar, ikkje regionar. Det betyr at ein går frå å ha ei geografisk inndeling, til at ulike kontor har hovudansvar for ulike fagfelt.

Kontoret i Bergen skal få ansvaret for utbyggingar og store prosjekt for heile landet. Kritikken frå fagrørsla er at omorganiseringa fragmenterer Statens vegvesen, og at endringane vil svekke kompetansen. Det er ikkje nødvendigvis rett.

Utflytting frå Oslo vert alltid møtt med stor skepsis, men hovudstaden er langt frå den einaste plassen der det finst kompetent arbeidskraft.

Når landets store prosjekt skal leiast frå Bergen, vert den kompetansen som arbeider med det samla her. I dag må eit regionkontor leie alle prosjekt, uansett storleik.

Les også

Nå går også byrådspartiene inn for bompengerabatt

Befolkninga vil nok merke mest til nedlegginga av ei lang rekke trafikkstasjonar. At reiseavstanden for å ta teoriprøve og førarkort vert lenger, er i utgangspunktet ikkje eit stort problem.

Dette er ikkje tenester ein har bruk for ofte. Då kan ein leve med litt lenger reiseavstand.

Men det finst grenser. I Tromsø reknar sjåførlærar Sondre Trældal med at dei som vil ta førarkort på lastebil må køyre 20 mil til Finnsnes i framtida. Det kan gjere førarkortet 7000 kroner dyrare, seier han til NRK.

Ordførarane i Eid og Leikanger reagerer på endringane. Dei meiner at den nye organiseringa vil vere ei massiv sentralisering. Og dei har rett i at reforma ikkje berre spreier makt. Det vil bli færre stader med eigen trafikkstasjon, og omorganiseringa kan føre til at administrasjonen som ligg i Leikanger tapar tilsette og funksjonar til Bergen.

Omorganiseringa bidreg altså til ei viss sentralisering, men i sum ser maktspreiinga frå stat til fylke ut til å vere større.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».