Systematisk svikt i Nav-saka

I Nav er tydelegvis frykta for justismord langt mindre enn frykta for å bli tatt med buksa nede.

Publisert:

JUSTISMORD: Nav-sjef Sigrun Vågeng venta heilt til 16. oktober med å informere Riksadvokat Tor-Aksel Busch. Både ho og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) har mykje å svare for i denne saka, skriv BT på leiarplass. Foto: Terje Pedersen

I Nav-skandalen blir det stadig tydelegare kva som har vore viktigast for staten: Å sikre sine eigne interesser, ikkje borgarane som har blitt utsette for eit justismord.

Måndag denne veka avslørte BT at Nav i oktober lét vere å informere Riksadvokaten, fordi dei frykta at saka då vart offentleg kjend. Informasjonen kom først fram tolv dagar seinare. I mellomtida hadde minst ein ny Nav-brukar, James Rogers, byrja soninga i fengsel, på feil grunnlag.

Kontorsjef Liv Tove Espedal i Nav svarar i ein e-post til BT at dei ikkje ville at saka skulle bli offentleg før dei hadde fått avklara lovspørsmålet. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for alle straffesaker i Noreg. Dei kunne vore til stor hjelp med å tolke lova.

Ved å vente med å orientere Riksadvokaten, kan Nav òg ha gjort seg skuldig i nye brotsverk, som fengslinga av før nemnde Rogers 9. oktober.

Les også

Hans K. Mjelva: Frykta for snyltaren

Nav-saka er tidenes største norske rettsskandale. Minst 85 personar kan ha blitt urettvist dømde for trygdesvindel, fordi dei hadde opphalde seg i utlandet i delar av tida då dei tok imot støtte frå NAV. Minst 36 av dei hamna i fengsel. I tillegg har minst 2400 fått krav om å betale tilbake pengar, utan at det var grunnlag for det.

Svikten har vore total, frå Stortinget via domstolar og advokatar til pressa. Ingen har oppdaga at Nav sin praksis braut med EØS-avtalen. Det til trass for at Brochmann-utvalet allereie i 2011 konkluderte med at Noreg kan gjere lite for å hindre at folk heva ulike trygdeytingar i andre EØS-land.

Nav er med andre ord ikkje åleine om å ha skuld i denne saka. Men det er dei som fatta dei feilaktige vedtaka. Det er dei som venta i det lengste med å rette opp i feilen, i påvente av ei meir fordelaktig lovtolking.

Mykje talar for at Riksadvokaten burde blitt informert lenge før. Då saka vart kjend i november, sa riksadvokat Tor-Aksel Busch at dei burde blitt informert allereie i slutten av 2017, då trygderetten byrja å stille spørsmål om sakene.

Denne saka bør få konsekvensar for dei involverte. Byråkratiet er til for borgarane, og tilhøyrer borgarane. Nav har stor makt overfor deira brukarar.

Difor bør Nav, som resten av byråkratiet, vere ope og gjennomsiktig. Berre slik sikrar ein over tid at vedtaka der toler dagens lys.

Avsløringa måndag vitnar om at Nav styrer etter andre prinsipp enn openheit. Det har kosta mange dyrt.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».