Fjordane er Noregs mest eineståande naturskattar. Men lukka fjordsystem er også ekstra sårbare for forureining. Det medfører eit forvaltingsansvar som norske styresmakter ikkje har teke alvorleg nok.

Denne helga vart det arrangert demonstrasjonar mot sjødeponi for gruveslam i Førdefjorden, i Repparfjorden i Finnmark og andre stader. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har alt gjeve utsleppsløyve i Repparfjorden for ei ny kopargruve. Det kan skapa ein farleg presedens for utslepp i Førdefjorden og i andre fjordar.

Sjødeponi av gruveslam er berre tillate i nokre få andre land, som Papua Ny-Guinea og Tyrkia, land som Noreg elles ikkje finn det føremålstenleg å samanlikna seg med. At norske utslepp kan skje i fjordar, med høge, undersjøiske vollar i utlaupet og tilsvarande svak gjennomstrøyming, er ekstra oppsiktsvekkjande.

Den framtidige gruveindustrien er samanlikna med oljeutvinninga i økonomisk betydning. Om ikkje eksportverdiane er like høge som for det svarte gull, er det tale om hundretals milliardar i potensiell utteljing for ettertrakta metall og stein. Gruveindustrien er dessutan ei distriktsnæring, som alle store, norske eksportnæringar.

Men på same vis som for olje, er gruveindustrien ei innhaustingsnæring. Når ressursane er tømde, blir gruvene nedlagde. Gruvearbeidarane så vel som oljearbeidarane kan ha fast bustad og skattekommune kvar som helst og arbeida i ein slags nordsjøturnus. Gevinsten for gruvekommunane kan vera heller mager, sett i høve til naturøydeleggingane. Slik kan det i endå høgare grad vera for dei lokalsamfunna som gjev rom for oppdrettsnæringa.

Det mest omstridde er likevel forureininga desse næringane forårsakar. Den langsiktige verknaden av deponering av gruveslam i fjordar er ikkje godt nok kjend, men røynslene frå deponeringa i Jøssingfjorden i Rogaland, som vart stoppa etter krav frå Miljøverndepartementet, er urovekkjande. Ei lang rekkje miljøvernorganisasjonar, fiskeriekspertar og interesseorganisasjonar har då også rådd sterkt frå utslepp i Førdefjorden og Repparfjorden.

Dersom det ikkje er god nok økonomi i gruvedrifta til å forsvara landdeponi med kontrollert og sikra avrenning, bør det stillast spørsmål ved om gruvedrift er forsvarleg. Gruveindustri er ei av dei verste og mest omsynslause forureiningskjeldene i verda. Det er ikkje for ingenting gruveselskap utmerkjer seg med å bli utestengde frå Oljefondet av slike grunnar.

Noreg har råd til å lata vera å opna gruver som ikkje oppfyller rimelege miljøkrav, og til å stilla ekstra strenge krav i så måte. Ein plass på den svært korte lista over land som tillet sjødeponi, inneber at regjeringa må vera svært sikker på at forureininga vil vera under kontroll. Sjansespel må ikkje tillatast, korkje i Repparfjorden eller i Førdefjorden eller i andre fjordar.