Rasisme drep

Drapet på Johanne Zhangjia Ilhe-Hansen viser at kampen mot rasisme trengst meir enn nokon gong.

Publisert:

DREPT: Kampen mot den høgreradikale, valdelege rasismen er ei oppgåve for politiet. Men kampen mot den meir kvardagslege rasismen, som den radikale rasismen blir fôra av, er eit ansvar for oss alle, skriv BT på leiarplass. Biletet er frå gravferda til Johanne Zhangjia Ilhe-Hansen (17). Foto: Håkon Mosvold Larsen

I førre veke konkluderte politiet med at drapet på 17 år gamle Johanne Zhangjia Ilhe-Hansen var rasistisk motivert. Drapsmann var stebroren Philip Manshaus (21), som etterpå prøvde å utføre massedrap i moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum.

Ihle-Hansen vart adoptert frå Kina som toåring.

Manshaus er ei ekstrem utgåve av rasisten. Men akkurat som Anders Behring Breivik er handlingane utløyst av eit breiare høgreradikalt og rasistisk tankegods. Utan den ideologiske overbygninga ville neppe ugjerningane skjedd.

Manshaus skal ha vore inspirert av andre rasistiske massedrapsmenn, som New Zeeland-terroristen Brento Tarrant. Han var igjen inspirert av Breivik.

Det viktige spørsmålet ugjerningane reiser er: kva er det i samfunnet elles som gjev desse tankane grobotn?

Les også

Anne Rokkan: Kjærlighet er ikke nok

Eit grunnleggande trekk ved rasismen er at ein deler menneske inn i grupper basert på etnisk bakgrunn, og at ein tillegg dei ulike gruppene ulik verdi.

Slik gruppetenking er langt meir utbreidd enn dei radikaliserte utgåvene Manshaus og Breivik stod for. Også i Noreg. Den biologiske rasismen Manshaus var inspirert av, med røter i mellomkrigstidas raseteoriar, er i dag ikkje særleg vanleg. Tanken om biologisk rase er langt på veg erstatta av gruppetenking basert på etnisitet eller «kultur».

Men for folk med røter i Afrika, Asia eller Midt-Austen er resultatet det same. Svært mange innvandrarar opplever rasisme i kvardagen. Alt frå stygge slengkommentarar på gater og offentleg transport, til diskriminering i arbeidsmarknaden.

Rasisme og framandfrykt botnar i stor grad i fordommar. Frykta er ofte minst der det er relativt mange innvandrarar. Det viser at personleg erfaring og kunnskap er viktig for å bryte ned fordommar.

Likevel er det vel optimistisk å tru at rasismen vil forsvinne heilt. Fordommar er djupt menneskeleg. Difor må kampen mot rasisme halde fram.

Kampen mot den høgreradikale, valdelege rasismen er ei oppgåve for politiet. Men kampen mot den meir kvardagslege rasismen, som den radikale rasismen blir fôra av, er eit ansvar for oss alle.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».