Fest med bismak

Verda kan ikkje sjå bort når Israel undertrykker det palestinske folket. Kulturboikott er likevel ikkje vegen å gå.

IKKJE BERRE FEST OG MORO: Netta Barzilai vann 2018-finalen med songen «Toy». Her syng ho fjorårets vinnarlåt under semifinalen i Eurovision tysdag denne veka.

Sebastian Scheiner, TT Nyhetsbyrån

I kveld går den store finalen i Eurovision Song Contest av stabelen i israelske Tel Aviv. Showet blir garantert spektakulært, men festen har fleire problematiske sider.

Då Netta Barzilai vann fjorårets finale, takka ho med «Neste gong i Jerusalem!». Heldigvis blir ikkje finalen halden i byen som delvis er okkupert frå palestinarane. Det ville blitt sett på som ein stor provokasjon, og truleg vore med på å eskalere konflikten.

Likevel er ikkje dagens finale utan kontroversar. Før kvart nummer får vi sjå eit såkalla postkort, der artistane dansar ved kjende landemerke og landskap.

Både den israelske, russiske og kroatiske deltakaren blir filma i okkupert Aust-Jerusalem. Dei albanske, rumenske og serbiske artistane er å sjå på Golanhøgdene, slik professor Dag Øistein Endsjø skriv i Aftenposten.

Les også

450 raketter skutt fra Gaza mot Israel – mor og baby drept i motangrep

Dette er med på å legitimere okkupert jord som israelsk eigedom for fleire hundre millionar sjåarar. Dette er ein okkupasjon ingen europeiske land har godteke.

Israels menneskerettsbrot, busetjingspolitikk og harde framferd mot palestinarane er grunnen til at både artistar og aktivistar har oppmoda om kulturell og akademisk boikott.

Boikott er ikkje vegen å gå. Skal israelarar og palestinarar leve side om side, må dei snakke saman og respektere kvarandre. Å vere mot boikott er derimot ikkje det same som stillteiande å godta den israelske politikken mot palestinarane.

Les også

Jens Kihl: La det swinge vestover

Noreg må framleis jobbe for at alle innbyggarar i Israel skal ha like rettar, uavhengig av religion og etnisitet. Israel, men òg dei palestinske styresmaktene, må jobbe for å roe ned konflikten og redusere valdsbruken.

Noreg kan heller ikkje godta israelske busetjingar og okkupasjon av palestinsk land.

NRK og TV 2 er dei norske medlemene i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Dei bør arbeide for å oppheve forbodet mot politiske ytringar i Eurovision. Alle kunstnarar, også artistar i Eurovision, bør få ytre seg fritt.

Historia er dessutan full av meir eller mindre openlyse politiske bodskap frå Eurovision-scena, så dette forbodet ser ut til å bli praktisert temmeleg selektivt. Ein opnare debatt vil vere av det gode.

Israel kan ikkje krevje å sleppe kritikk for sin aggressivitet mot palestinarane – heller ikkje når dei inviterer Europa på fest.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».