Digitale Bergen

Ein digitalt offensiv kommune er viktig både for å sikre gode tenester, og for Bergen som næringsby.

DIGITAL: Finans- og innovasjonsbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) signerte før helga ein avtale om digitalt samarbeid med ni omeignskommunar. Eit godt grep, skriv BT på leiarplass. Bjørn Erik Larsen

Skal Noreg framleis ha gode offentlege tenester i tiåra framover må kommunar og stat effektiviserast. Det er difor godt nytt at Bergen kommune går i spissen for å gjere Hordaland til eit digitalt føregangsfylke.

Før helga signerte innovasjonsbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) ein avtale med ordførarar frå ni omeignskommunar om digitalt samarbeid. Allereie før signeringa var det klårt at resten av dei 33 kommunane i fylket vil bli med. Målet er å skape betre tenester, effektivisere drifta og gjere kommunane i stand til å ta i bruk dei mange digitale prosjekta som kjem frå sentralt hald.

Bergen er allereie ein føregangskommune i å ta i bruk digital teknologi. Dei har mellom anna utvikla Digifrid, eit sjølvlærande dataprogram som kan gjere jobben for 12 byggjesaksbehandlarar.

STORSATSING: I byrjinga av mars var statsmininster Erna Solberg (H) på Sandsli, i samband med at Statoil la sine to nye datasenter til Bergen. Adrian B. Søgnen

Samstundes med avtalesigneringa opna òg kommunen Innolab, der både kommunar og private selskap kan utvikle nye løysingar. Det at kommunen tenkjer på tvers av tradisjonelle skiljelinjer, og samstundes deler kunnskap og ressursar med andre, lovar godt for framtida.

Ved å tenkje innovasjon til eigne føremål og næringsutvikling saman er Bergen kommune med på å vitalisere både Bergen og resten av fylket. Det er ikkje utan grunn at kommunanes organisasjon KS har lagt si digitale utviklingsavdeling til Bergen.

Den digitale revolusjonen handlar i stor grad om å trekkje til seg kreative og kompetente folk. Då er det viktig med eit stort og variert miljø. Her er Bergen i ferd med å lykkast.

Nyleg vedtok Statoil å leggje si digitale satsing til Bergen. Samstundes skjer det ei omfattande digital nyvinning i mediebransjen, finans, maritim sektor og havbruk. I tillegg kjem sterke digitale miljø i mellom anna Bergen kommune og Helse Vest.

For det offentlege handlar digitale løysingar om å gje betre og meir effektive tenester. Innovasjon er naudsynt om velferdsstaten skal klare møtet med fleire eldre og fallande oljeinntekter.

Samstundes er digital innovasjon naudsynt for overleving og vekst i bortimot alle delar av næringslivet. Mykje tyder på at Bergen her er i ferd med å finne ei vinnaroppskrift.