Bomskot frå Tvedt

No må regjeringa raskt seie nei til idrettspresident Tom Tvedts ønske om ein ny OL-debatt.

IS I RUBBEN: Idrettspresident Tom Tvedt vil at Idrettstinget skal seie ja til ein ny OL-søknad neste vår. Her ser han ishockeykampen Noreg-Slovenia under Pyeongchang -OL i vinter. Lise Åserud,NTB Scanpix

Det kunne ikkje vare. Freden som hadde senka seg over norsk OL-debatt var dømt til å bli avbroten. Før helga gjekk idrettspresident Tom Tvedt ut og varsla at han vil ha Idrettstinget med seg på eit vedtak om OL på norsk jord – og vedtaket skal kome allereie våren 2019. Det er ikkje mange åra sidan det blei klart at stortingsfleirtalet var mot OL, men no vil Tvedt ha omkamp.

«Jeg er kjempefor å få et stort arrangement til Norge», seier Tvedt til NTB. Vi skal ikkje lenger tilbake enn til Ungdoms-OL i februar 2016 for å finne førre forsøk på å tenne den norske OL-elden.

Argumenta som vog tyngst då Høgre landa på OL-nei i 2014, er minst like tunge i dag: Den internasjonale olympiske komité (IOC) er ikkje blitt vesentleg meir demokratisk eller likestilt på desse åra, og det blir stadig avslørt nye korrupsjonssaker. Likevel er det teke initiativ som kan gje ein meir velfungerande organisasjon på sikt, og desse bør Noreg stø.

Framleis er prisnivået på eit vinter-OL langt over det Noreg bør bruke. Som verdas fremste medaljegrossist i vinter-OL er det ikkje urimeleg at Noreg frå tid til annan skal ta på seg tilskiparansvaret, men vi har ikkje mange titals milliardar til overs på statsbudsjetta. Og forskinga er eintydig: Det er nesten umogleg å lage eit OL som held budsjettet, og alle forsøk på nedskalering har stranda.

Les også

Alle mann i forsvar

Det er heller ikkje sånn at IOC kan få styre samfunnsutviklinga i Noreg. Eit norsk OL må kome heile landet til gode, og ikkje berre klumpast saman ein plass på indre austland.

Tvedt meiner kabalen kan bli lagt opp slik at Noreg plutseleg ikkje er aktuelle for OL før i 2034 eller 2038. Det kan godt vere, men det er heller ikkje noko rop i folket etter eit OL på norsk jord no. Folkeleg støtte er heilt avgjerande om Noreg skal søkje.

Kristin Kloster Aasen, norsk medlem i IOC, har tidlegare sagt at Noreg har bidrege til IOC-forbetringane ved å seie nei til OL i Noreg. Vi må halde fast på den lina fram til kostnadene er på eit meir fornuftig nivå.

Tom Tvedt har framleis ein stor jobb å gjere med å rydje i eige hus. Han bør bruke kreftene sine på det, i staden for å drøyme om ein blankofullmakt frå Idrettstinget til å ta nok ein omkamp om OL. Regjeringa må gje klar melding om at Tvedt kan leggje vekk OL-draumen inntil vidare. Inntil vidare får vi sjå elden lyse i halv- og heildiktatur nokre år til.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».