Noreg treng eit ærlegare inntektssystem for bøndene

Utrekninga av inntektene for bøndene bør spegle det verkelege livet på norske gardar.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Regjeringa bør lytte til bondeopprøret, og sørgje for ei betre og meir korrekt framstilling av inntektene til norske bønder, skriv BT på leiarplass. Foto: Rune Sævig

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Årets jordbruksoppgjer blir fyrt opp av eit opprør utanfor dei to bondeorganisasjonane. #Bondeopprør21 har til no samla 23.000 underskrifter.

Opprøret er ein protest inntektsutviklinga i jordbruket, men òg mot måten ein reknar ut inntektene til bøndene.

Ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket auka inntekta pr. årsverk frå 2014 til 2020 med 100.000 kroner, til 414.100.

Opprørarane meiner inntekta er kunstig høg, mellom anna fordi utrekninga ikkje tek nok omsyn til leigekostnader og investeringane i garden.

I ordskiftet den siste veka har òg mange bønder reagert på at inntekter frå andre kjelder enn garden blir rekna med.

Ein norsk gardbrukar tener i snitt over 700.000 kroner i året, viser tal frå SSB. Men berre 200.000 av dette er inntekt frå sjølve garden.

Ifølgje opprørarane er den reelle timeløna frå sjølve gardsdrifta i snitt 135 kroner.

Det spesielle i saka er at bondeorganisasjonane har gått god for måten å rekne ut inntektene på. Opprøret er såleis òg eit opprør mot bøndenes eigne, i Norsk Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag.

Akkurat som i det vanlege lønsoppgjeret, er jordbruksoppgjeret avhengig av eit talgrunnlag alle partar er samde om.

Dette er sjølve grunnsteinen i det norske lønssystemet, der alle andre grupper samanliknar seg med den eksportretta industrien, det såkalla frontfaget.

Difor er det svært viktig at tala frå Budsjettnemnda er noko alle partar har tillit til.

Dette er meir komplisert enn for andre grupper, fordi jordbruket har eit innfløkt overføringssystem og fordi bøndene er sjølvstendig næringsdrivande.

Striden om kva som er den rette inntekta handlar om å vinne folket. Det er til sjuande og sist det norske folket som skal betale for jordbruksoppgjeret, anten via matprisane eller overføringar frå staten.

Hovudmålet for opprørarane er sjølvsagt å få opp inntektene til bøndene, og er difor òg ein del av spelet i jordbruksoppgjeret.

Likevel bør det ikkje avfeiast som spel. Akkurat fordi det er folket som betalar for oppgjeret, bør informasjonen som går ut vere så korrekt som mogeleg. Berre då kan borgarane sjølve ta stilling til saka på ein informert måte.

Etter årets oppgjer bør difor regjeringa setje i gang eit arbeid for å få ei betre og meir korrekt framstilling av inntektene til norske bønder.

Publisert
  1. Jordbruksoppgjøret
  2. Landbruk
  3. Jordbruk
  4. Økonomi

Les mer om dette temaet

  1. Bøndene krever over to milliarder

  2. Bøndenes grasrotopprør har fått over 10.000 underskrifter

  3. Jordbærprodusenter vurderer å droppe årets sesong

  4. «Vi mistar meir enn norsk­produsert mat når bøndene forsvinn frå bygdene»

BT anbefaler

– Jeg tror dette hadde holdt mot ganske mange lag i Eliteserien

Nok et tap er et faktum.

LES SAKEN