Tesla-tøys frå Ap

Ein kan ikkje skilje mellom bilmodellar når ein gir avgiftslette til elbilar.

MISFORSTÅTT: Arbeidarpartiet si finanspolitiske talskvinne Marianne Marthinsen (biletet) ser ut til å ha gløymd at stønaden til elbilar ikkje er eit tiltak for å jamne ut sosiale skilnader. Det er støtte for å få folk over til meir miljøvenleg transport. Ingar Storfjell

Dei rause fordelane for norske elbilistar har vore ein suksess. Det køyrer over 80.000 elbilar på norske vegar. Svært mange av dei erstattar forureinande fossilbilar. Det er ei positiv utvikling som må halde fram. Arbeidarpartiet sitt forslag om å setje eit tak på avgiftsfritaket for elbilar, er difor dårleg. Målet må vere at også pengesterke personar i framtida vel miljøvenlege bilar i staden for fossilbilar.

Arbeidarpartiet si finanspolitiske talskvinne, Marianne Marthinsen, er tilsynelatande provosert over at folk som har råd til dei dyraste Tesla-modellane blir subsidiert på same måte som personar som køyrer dei rimelegaste elbilane. Ho vil difor innføre ei maksgrense for støtta til elbilar. Ap ser ut til å ha gløymd at stønaden til elbilar ikkje er eit tiltak for å jamne ut sosiale skilnader. Det er støtte for å få folk over til meir miljøvenleg transport.

Så lenge det har effekt, skal det ikkje spele nokon rolle at sjåførane bak elbilrattet har råd til å betale meir for bilen. Poenget er at mange av dei heller ville vald fossilbilar om stønadsordningane vart reduserte. Marthinsen seier til DN at dei bilinteresserte mennene ikkje vil få oss til å nå klimamålet. Utsegna er arrogant og nedlatande.

Les også

BT meiner: Dyr gratisparkering

Støtteordningane for elbilar må ned på sikt. Men det må vere like attraktivt å kjøpe elbil for dei som skal kjøpe dyr bil, som dei som skal ha ein rimelegare. Alle som byter ut fossilbil med elbil bidrar til å betre klimaet.

Aversjonen mot dyre Tesla-modellar er misforstått venstrepopulisme. Tesla har vore eit lokomotiv på vegen mot eit grønt skifte. Produsenten har bidratt til viktig teknologiutvikling. Det har ført til at andre bilprodusentar har kome etter med nye modellar som har lang rekkevidde. Det er godt nytt for miljøet, og eit stort bidrag for å bytte ut fossilbilar med betre alternativ.

For å nå klimamålet, må ein kunne ha to tankar i hovudet på same tid. Ein kan mislike at enkelte har betre råd enn andre. Men når Aps finanspolitiske talskvinne stigmatiserer Tesla-eigarar og seier at bilen er eit «leiketøy for menn som er veldig interessert i bil», skyt ho langt over mål.

Forslaget om å innføre avgiftstak for dei dyraste elbilane er ikkje anna enn symbolpolitikk frå Arbeidarpartiet. Transport står for store delar av norske klimautslepp. Bilparken må skiftast ut. Insentiva for å gjere det, verkar. Også Tesla-eigarar bidrar til det.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».