Lova reddar ulven

Det er ikkje grunnlag for å felle 47 ulvar i Noreg, viser ei ny undersøking. Rovdyr må ha ein naturleg plass i norsk fauna.

Publisert:
Bergens Tidende Politiken

FLEIRE FÅR LEVE: Ulv har ein plass i det norske økosystemet, og er ein viktig del av artsmangfaldet. I Noreg bør det vera gode føresetnader for å ha stabile stammer av ville rovdyr, meiner BT. Foto: Scanpix

Lovavdelinga i Justisdepartementet har konkludert med at det ikkje er heimel i lovverket for å felle heile 47 ulvar i norske ulverevir til neste år. Talet på fellingsløyve er no redusert til 15.

Vonleg vil dette føre til varig avklaring av norsk rovdyrpolitikk, og til at dei skarpe konfliktane mellom vernetilhengjarar og motstandarar kan leggjast til ro.

Les også

NEI TIL STORTINGSFLERTALLET: Helgesen sier nei til ulvejakt.

Striden mellom sauebønder og naturvernarar har vore bitter og til tider gått over alle stag. Konfliktane mellom dei som meiner ulven har ein naturleg plass i norsk fauna og dei som meiner han må utrydjast, har vore uforsonlege.

Tidlegare i år fann rovviltnemndene i landet at det var naudsynt med lisensfelling for heile 47 ulvar innanfor og utanfor ulvesonene neste år. Eit fleirtal på Stortinget vedtok dette målet mot regjeringa sin vilje, etter nokså uryddig politisk prosess.

Men etter at Stortinget hadde vedteke saka, valde miljøstatsråd Vidar Helgesen å sende saka til utgreiing. Det var ei klok avgjerd, for mykje tyder på at rovviltnemndene sine vurderingar vart utførte på svakt grunnlag.

Naturmangfaldlova og Bern-konvensjonen, som Noreg har slutta seg til, krev at potensialet for skade skal vera av eit visst omfang og grad av alvor før det vert gjeve løyve til felling av ulv.

Men undersøkinga viser at ulv som lever i etablerte revir stort sett held seg innanfor sitt område heile livet. I områda der det er søkt om felling, finst det verken sau eller tamrein heller.

I tillegg seier lovverket at felling berre kan skje dersom det ikkje finst andre gode løysingar for å hindre skade. Skadepotensialet er difor ikkje til stades.

Les også

MATHIAS FISCHER: Ulvepolitikk i grenseland.

For å døyve det største vonbrotet blant bønder og andre husdyreigarar gjer regjeringa framlegg om andre tiltak som kan hindra skade. Blant anna skal det opprettast beredskap som kan sikra raskare uttak av ulv som går til angrep på buskap.

Ulven sitt skadepotensial skal også utgreiast nærare. I tillegg skal det løyvast meir pengar til rovdyrgjerde i beitesoner, og overvakinga av rovdyrstammane skal styrkjast.

Ulv har ein plass i det norske økosystemet, og er ein viktig del av artsmangfaldet. I Noreg bør det vera gode føresetnader for å ha stabile stammer av ville rovdyr.

Med avgjerda og dei nye tiltaka har regjeringa gjort at rovdyrpolitikken er meir i takt med realitetane i skog og fjell. Det er bra for ulven, og bra for rovdyrdebatten.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».