Samhald gjev styrke

Norsk politikk blir betre av at ungdomspolitikarane har ein kameratsleg tone.

TØFFE TAK: Det kan gå hardt for seg når ungdomspolitikarane møter kvarandre til debatt. Heldigvis evnar dei å ha ein hyggeleg tone når ordskiftet er ferdig. Her er Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot og AUF-nestleiar Ina Rangønes Libak på Arendalsuka i år.

Terje Pedersen, NTB Scanpix

Laurdag stilte Klassekampen eit spørsmål på framsida av avisa: «Ungdomspartilederne tilbringer stadig mer tid sammen. Er det et problem?» Svaret er tydelegvis eit rungande ja, om vi skal tru både artikkelen og oppfølgingskommentaren i tysdagsavisa.

Avisa bruker sju sider på å vise at leiarane for ni ungdomsorganisasjonar på Stortinget er gode vener. Dei gjev kvarandre ein klem etter debattar, dei deltek på dei same turane og konferansane og fleire av dei har også mykje kontakt privat.

Ute i verda er politikken prega av mistru, polarisering og til dels open konflikt. Det skader demokratiet: Politikarane greier ikkje å finne løysingar til beste for folk og land. Her heime er det tydelegvis eit problem at ungdomspolitikarane veit at dei må argumentere sakleg i debattar, ettersom dei skal sjå debattmotstandaren i auga over ein pils seinare.

Les også

De overlevde Utøya. Nå lever de med drapstrusler.

Klassekampen peikar på at alle ungdomspolitikarane har vore på tur saman til oljemessa i Stavanger og på studietur til Vesterålen i regi av Sjømat Norge. Det ville vore eit problem om dei ulike representantane kom heim frå desse turane og endra politikk i retning av lobbyaktøranes ståstad. Noko slikt kan ikkje Klassekampen påvise.

Det er derimot ikkje eit problem at dei deltek på reise for å setje seg inn i kva som er viktig for dei største næringane for Vestlandet og Noreg. Tvert om: Alle politikarar har godt av å sjå kva som rører seg i næringslivet utanfor hovudstaden.

Klassekampen er mindre oppteken av å spørje seg om det kan vere ytre forhold som har gjort det slik. Eit hardare debattklima på nett og ikkje minst terroren mot AUF 22. juli har vore med på å auke samhaldet mellom ungdomspartia. Det er forståeleg.

Journalistikken har ei viktig oppgåve i å avdekkje maktstrukturar. Det er svært viktig at norske politikarar ikkje blir ein eigen elite som mistar all kontakt med folket. Det vil vere å leggje vegen fri for populistar av alle typar.

Ein bør derimot vere forsiktig med å blåse opp «funn» som eigentleg er kollegialt venskap og evne til å snakke saman trass politiske skilnader.

Det skaper berre grobotn for ufortent politikarforakt.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».