Sjukelønsordninga må vurderast

Den nye IA-avtalen fredar sjukelønsordninga i fire nye år. Det gjev dårlege odds for å få ned sjukefråværet.

BLIDE: Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) stod i spissen for ein stor delegasjon då ho tidlegare i veka la fram den forlenga IA-avtalen. Men sjukefråveret i Noreg må ned, meiner BT. Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix (arkiv)

Sjukelønsordninga er eit av norsk politikks største tabu. Jens Stoltenberg prøvde å stramme inn ordninga i 2006, men fekk ein allianse av LO og NHO mot seg. Dermed vart det politisk umogeleg. Sidan har ordninga i praksis vore freda.

Les også

Trygdefellen

Tysdag freda regjeringa ordninga for fire nye år, eitt år lenger enn dei allereie hadde lova.

Fredinga kom i form av ei forlenging av den såkalla avtalen for eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Avtalen vart innført i 2001, som eit alternativ til å stramme inn sjukelønsordninga. Målet var då å få ned sjukefråværet med 20 prosent.

Resultatet vart ein nedgang på 12 prosent, hovudsakleg i privat sektor. I det offentlege er framleis sjukefråværet skyhøgt.

Noreg har difor framleis det høgaste sjukefråværet i den rike verda, noko som kostar norske bedrifter 17 milliardar i året, ifølgje NAV. Rekninga til staten er endå større. Samstundes har vi ei av verdas rausaste sjukelønsordningar, med full løn frå første dag.

Når Noreg no går inn i ein periode med strammare økonomi og meir trong for arbeidskraft, vil fråværet bli eit stadig større problem. Ambisjonen i den nye IA-avtalen er å få ned fråværet med ti prosent på fire år, mot åtte prosent på 17 år i den gamle avtalen.

Utan ei innstramming i sjukelønsordninga verkar målet rimeleg utopisk. Det er difor høgst forståeleg at Bedriftsforbundet, på vegner av sine små og mellomstore bedrifter, reagerer sterkt på fredinga. NHO har skrive under på avtalen, så der i garden er dei tilsynelatande nøgde.

Regjeringas politikk vitnar ikkje om særleg djervskap. Det hjelper ikkje at Høgre og Frp er i selskap med resten av Stortinget, med unntak for regjeringspartiet Venstre.

Kutt i eit så sentralt velferdsgode er sjølvsagt upopulært, men landet er ikkje best tent med politikarar som til ei kvar tid stryk veljarane etter håra.

No kviler det eit stort ansvar på partane for å vise at tiltaka i den nye avtalen kan fungere. Spesielt gjeld det ein meir målretta innsats mot bransjar og sektorar som slit. Her kan regjeringa byrje med å feie for eiga dør, i det offentlege.

Arbeidstakarorganisasjonane bør òg leggje seg i selen for at ambisjonen i den nye avtalen skal lykkast. Viss ikkje vil sjukelønsordninga kome opp att. For Noreg kan ikkje leve med at eit av verdas friskaste folk melder seg sjuke meir enn nokon andre.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».