Varsel om ny oljekrise

Noreg kan få ei ny krise i oljeindustrien allereie om 2–3 år. Det bør bli ein politisk vekkar.

VEKKAR: Krisa etter oljeprisfallet i 2015 vart ein vekkar for oljeindustrien, med plattformer i opplag som eitt av symbola. Fallande oljeinvesteringar frå 2020 kan skape ei ny krise, om ikkje industrien rekk å omstille seg, skriv BT på leiarplass. EIRIK BREKKE

Omstillinga frå oljealderen kan bli tøff, ikkje minst for leverandørindustrien på Vestlandet. Tysdag la bransjeorganisasjonen Norsk olje- og gass fram ein prognose som viser at investeringane vil falle dramatisk frå 2020. Det kan bety ein ny runde med nedbemanningar.

Men først er det duka for oppgang. Investeringane vil auke både i 2019 og 2020, ifølgje prognosen. Men fallet som så kjem blir dramatisk. På to år, frå 2020 til 2022, vil investeringane falle frå 159 til 111 milliardar kroner. Prognosen går ikkje lenger, men med mindre det dukkar opp nye, store oljefelt, vil ikkje nedgangen stoppe der.

Dette er ikkje nye tal. Investeringstoppen har vore kjent lenge, men oljeselskapa brukar dei som politisk pressmiddel for å få nye leiteareal. Øvst på ønskelista står områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Men den kampen bør no vere over. Fiskeri og turisme er næringar for framtida, det er dessverre ikkje oljeindustrien.

Prognosen bør i staden minne regjeringa på kor viktig det er å omstille norsk industri til eit liv etter oljen. Den høgteknologiske leverandørindustrien har eit enormt potensiale for ei rekkje andre næringar. Det ville vere ein tragedie om landet ikkje klarer å bruke denne kompetansen til å skape nye arbeidsplassar og ny vekst når oljealderen tek slutt.

Les også

Søviknes sitt ansvar

For den vil ta slutt. Det er berre eit spørsmål om når. Risikoen av å satse på fossilt brensel aukar kraftig, noko Noregs Banks råd om å ta Oljefondet ut av oljeaksjer er eit varsel om. Dei same signala kom frå klimatoppmøtet i Paris tysdag.

I internasjonal politikk blir klimaendringane tatt langt meir alvorleg enn for få år sidan. Kombinasjonen av raskt prisfall på fornybar energi og utsikter til strengare klimapolitikk gjer at olje og gass kan bli langt mindre lønsamt. Det kan skje allereie i løpet av 2020-talet.

Heldigvis ser leverandørindustrien utfordringane, og har byrja arbeidet med å få fleire føter å stå på. Vindmøller til havs og nyskapande oppdrettsanlegg er to av dei fremste døma.

Regjeringa har gjort ein del, mellom anna gjennom utviklingskonsesjonar i oppdrettsbransjen og satsing på havvind. Men den gjer klokt i å forsterke satsinga på omstilling og nyskaping framover. Det siste Erna Solberg og landet treng er ei ny oljekrise.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».