Partia må svare

Ap, Høgre, Sp, Frp og Venstre må opne opp om eigen pengebruk på Stortinget.

HYSJ: Fem av ni parti vil ikkje gje anna enn overflatisk innsyn i korleis dei bruker sine pengar på Stortinget. Partia vil gjere klokt i å dele raust av opplysningar om eigen pengebruk på Stortinget, skriv BT på leiarplass. Terje Pedersen, NTB Scanpix

Demokrati kostar, fordi demokrati er viktig. Men saman med pengebruken kjem ein kontrakt: Politikarane må vere opne om og nøkterne med folks skattepengar.

Denne veka viste Aftenposten korleis fem av partigruppene på Stortinget ikkje vil gje detaljert innsyn i korleis deira parti bruker pengane som skal gå til drift av stortingssekretariatet deira. Og det er store pengar: Dei fem siste åra har stortingspolitikarane løyvd 862 millionar kroner til sine eigne partigrupper.

Der SV, Raudt, KrF og Miljøpartiet meiner at dette er informasjon pressa godt kan få, vil ikkje resten av partia gje eit like detaljert innsyn som det Stortinget sjølv krev av offentlege verksemder, skriv Aftenposten.

Dette er pengar som for ein stor del går til å løne rådgjevarar og administrativt tilsette som skal hjelpe stortingsrepresentantane. Reiseutgifter, stortingshyblar, løna til representantane og liknande går av andre budsjettpostar på Stortinget.

Les også

Stortingspartier hemmeligholder hvordan de bruker penger de bevilger til seg selv

Partigruppene er i sin fulle rett til å nekte innsyn i pengebruken. Det er likevel ikkje alt som er klokt, sjølv om det er lov: All den tid Stortinget sjølv vedtek kor mykje pengar deira eigne partigrupper skal få bruke året etter, bør partia vere ekstra opptekne av å dele informasjon. Dei kan fint sladde personopplysningar og dele resten.

Pressa og skattebetalarane kan ikkje tvinge partia til å vise detaljerte rekneskapar og kvitteringar, all den tid stortingspartia både lagar reglane, fordeler midlane og er mottakar av støtta. Men forstår ikkje partia at dei på denne måten er med på å byggje ned tilliten folk skal ha til dei som styrer landet?

Professor Knut Heidar ved Universitetet i Oslo seier til Aftenposten at han delvis forstår at partia vil halde hemmeleg strategiske disposisjonar. Det har han rett i, men det er framleis folks skattepengar partia får bruke. Om partia synst det blir ugreitt å dele slike opplysningar, kunne dei sikkert sagt frå seg dei offentlege løyvingane.

Aftenposten har gjeve partigruppene eit godt høve til å vise at dei driv stortingssekretariata sine slik dei bør. Det høvet bør Ap, Høgre, Sp, Frp og Venstre no nytte seg av:

Partia vil gjere klokt i å dele raust av opplysningar om eigen pengebruk på Stortinget.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».