Skremselspropaganda frå studentane

Regjeringa er på rett spor i stipendpolitikken. Studentane må roe ned språkbruken.

BRA: Regjeringa og KrF prioriterer dei studentane som fullfører ein grad. Det er bra, meiner Bergens Tidende på leiarplass.

Geir Martin Strande (arkiv)

I morgon ettermiddag skal eit par hundre studentar demonstrere på Torgallmenningen mot regjeringas endringar i studiestipendordninga. Men regjeringa har ei god sak i dette spørsmålet.

For studieåret 2018–2019 vil ein vanleg fulltidsstudent få utbetalt 116.369 kroner. Dersom du står på alle eksamenar, blir 40 prosent av dette gjort om til stipend. Om regjeringas nye stipendordning var innført for dette studieåret ville studenten fått utbetalt eksakt like mykje.

Men om eitt eller fleire av faga ikkje til slutt blir godkjent som ein del av ein grad, vil «berre» 25 prosent av lånet for dette faget bli gjort om til stipend. Den reelle skilnaden ved eitt slikt «ekstrafag» kan altså vere at det samla studielånet ditt blir eit par-tre tusen kroner høgare. Med 25 års nedbetaling bør det vere til å bere.

Les også

UiB har tatt opp dobbelt så mange studenter som de har studieplasser til

Denne ordninga får studentane til å rase. «Nå er det krig!» sa Håkon Randgaard Mikalsen, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), til Universitas. Den slags språkbruk kan ein kanskje reservere til studentar som faktisk er i krig. Dei meiner at framlegget vil råke dei sårbare studentane hardast – sjølv om desse studentane får akkurat like høg utbetaling som før.

Regjeringa ønskjer å gjere denne endringa for at det skal løne seg å fullføre ein grad, heller enn å plukke artige enkeltfag. Dette er eit klokt grep som vil gjere det mindre attraktivt å studere utan at det blir ferdige bachelor- og mastergradar av det. Framleis vil det vere fullt mogeleg å ta fag utanfor graden, det vil berre koste deg litt meir enn før.

Det er verdt å minne om at det er enkelt å setje nedbetalinga av dette lånet på pause når du har dårleg råd. Gebyra og rentene er låge, og ingen arvar lånet ditt.

Regjeringa reknar med å spare 256,4 millionar kroner på dette i 2019. Det er ei klok prioritering av studentar som fullfører ein grad. Men regjeringa trappar vidare opp den ellevte studiestøttemånaden og prioriterer nye studentbustader høgt.

«Dette er siste sjanse til å vise at de tar oss på alvor», sa NSO-leiar Mikalsen. Ein sånn påstand toler ikkje samanlikning med røynda.

Studentane samlar seg under slagordet «Vi er ikke perfekte». Det er mykje som tyder på at det er studentanes argumentasjon som er det minst perfekte i denne saka.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».