Farleg Frp-forslag

Barnetrygda skal ikkje delast ut etter etnisitet.

Berit Roald, NTB Scanpix (arkiv)

Per-Willy Amundsen (Frp) ønskjer å kutte barnetrygda heilt for innvandrarar etter barn nummer tre. Det veit han at Frp ikkje får gjennomslag for. Dermed blir framlegget ei rein symbolhandling for å markere seg.

Barnetrygda er ei universell ordning, slik at alle – uavhengig av inntekt – får pengar. Det kan vere fornuftig å behovsprøve den etter inntekt, sidan det kan gjere den meir treffsikker i kampen mot barnefattigdom.

Amundsen argumenterer med at staten må sørgje for at den «etnisk norske befolkningen vedlikeholdes». Det gjer den ikkje dersom innvandrarar får for mange barn, meiner han.

Det er vanskeleg å tolke Amundsen annleis enn at han meiner at barn av ikkje-vestlege innvandrarar aldri blir norske.

Det er særs problematisk å dra inn etnisitet i ein debatt om økonomiske ytingar og familiepolitikk.

Les også

BTs leder: Norske fødselsvansker

Det Amundsen har spelt inn i regjeringsforhandlingane, er ei differensiert barnetrygd. Til TV 2 seier den tidlegare justisministeren at «man kan få mer i barnetrygd for det første barnet enn man får for det fjerde barnet.»

Igjen er målet å råke innvandrarar spesifikt, då dei ifølgje Amundsen får fleire barn enn etnisk norske. Dette er òg eit dårleg forslag.

«Frps forslag er nesten ekstremt», seier Geir Jørgen Bekkevold (KrF).

Les også

Debatt: Hyklerisk om fødselstala

Amundsen er i utgangspunktet einig med statsminister Erna Solberg (H), som ønskjer seg fleire born i Noreg. «Jeg tror ikke jeg trenger å forklare hvordan dette gjøres. Jeg skal heller ikke komme med noen pålegg», sa ho i nyttårstalen.

Solberg er oppteken av berekrafta til velferdsstaten. « Samfunnet vårt går rundt fordi voksne tar omsorg for barna. Og arbeidsføre sørger for de eldre.»

Når folk får færre barn, vert det på lang sikt færre i arbeid per pensjonist.

Solbergs argument skil seg frå Amundsens, sidan hennar grunngjeving er reint økonomisk. Ho skil ikkje mellom ulike etnisitetar.

Regjeringa må bestemme seg. Dersom dei ønskjer å bruke økonomiske verkemiddel for at det skal fødast fleire barn i Noreg, vert det feil å setje ei øvre grense på tre barn for barnetrygda.