Havets heltar

Havforskingsinstituttet roper eit kraftig varsku om klimaendringane. Det er på tide at Erna Solberg lyttar.

Publisert: Publisert:

KLAR TALE: Sissel Rogne, direktør ved Havforskingsinstituttet, heldt onsdag den fyrste årstalen for havet. Foto: Tor Høvik

Midt i Bergen sit eit av Europas fremste forskingsmiljø for havet og alt som lever i det. Onsdag heldt Sissel Rogne, direktør ved Havforskingsinstituttet, den aller fyrste årstalen for havet.

Rogne brukte talen til å rope eit skikkeleg varsku om tilstanden til havet. Talen er eit prisverdig tiltak, og konklusjonane hennar må få politiske følgjer.

Dei menneskeskapte klimaendringane er godt dokumenterte. No må vi gjere det vi kan for å bremse dei – ikkje minst dersom vi skal ha ambisjonar om å leve av å hauste frå havet i framtida.

Noreg har kanskje verdas beste fiskeriforvaltning. Det er bra, men det er ikkje nok dersom klimaendringane endrar livsgrunnlaget for alt liv i havet.

Les også

Demonstrerer ved å legge seg i gaten når cruiseturister går i land

Dei seinare åra har Havforskingsinstituttet levert forsking som viser at vi er på veg mot «tippepunktet», der vi ikkje lenger har vinteris i Polhavet.

Varmare vatn i Barentshavet gjer at lofottorsken trekker nordover og austover – fire gongar raskare enn FNs klimapanel hittil har estimert.

Der konkurrerer den med andre artar om maten. Heile økosystemet endrar seg. Dette er nettopp dei artane vi gjerne vil leve av når olja tek slutt.

Omsynet til den langsiktige forvaltninga er noko av grunnen til at Rogne og Havforskingsinstituttet no vil ta ei meir aktiv rolle i desse debattane. I årstalen peika ho på ei endring i dei faglege råda instituttet gjev:

Les også

Seglskip og svart olje

«For fyrste gong har vi – i eit nyleg brev til Olje- og energidepartementet – gått til det steg å trekke inn den heilskaplege påverkinga av petroleumsaktiviteten på norsk sokkel», sa Rogne i talen.

Tidlegare har instituttet først og fremst peika på den lokale effekten av utvinning. No vil dei i større grad varsle om kva norsk olje og gass gjer med klimaet globalt.

Dette er kunnskap vi som nasjon må ta innover oss. Ikkje minst er det viktig fordi Noreg, med statsminister Erna Solberg (H) i spissen, gjerne vil ha ei leiarrolle i å drive fram meir berekraftig forvaltning av hava globalt.

Vi snakkar om at vi skal leve av fisk etter olja. No må vi snakke om korleis det faktisk skal bli mogeleg.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».