Me må tole at kvardagen ikkje blir den same på lenge

Dei som etterlyste meir alvor frå regjeringa, har fått svaret dei venta på.

Publisert Publisert

Statsminister Erna Solberg (H) fortalde torsdag at det blir innført strenge restriksjonar for alle nordmenn i minst to veker. Foto: Lise Åserud

  1. Leserne mener

I løpet av dagar er korona-utbrotet gått frå berre å ramme nokre få, til å definere alle nordmenns kvardag.

Me er ikkje vane med slikt alvor i Noreg, men no er det verkeleg. Noreg er torsdag på fjerdeplass i verda over tal på smitta pr. innbyggar.

Livet vil ikkje bli det same på lenge.

Norske styresmakter har vedteke dei mest inngripande restriksjonane for sine innbyggarar sidan krigen.

Frå no av er alle barnehagar, skular og institusjonar for høgare utdanning stengt. Det einaste unntaket er for barn av personar med samfunnskritiske jobbar.

Det er lagt ned forbod mot alle kultur- og idrettsarrangement. Alle treningssenter, frisørar, svømmehallar er stengt. Folk skal unngå alle former for fritidsreiser og alle som har vore utanfor Norden dei siste 14 dagane skal rett i karantene.

Les også

Dette gjør regjeringen for å stanse viruset

Fleire har dei siste dagane etterlyst at regjeringa skulle ta utbrotet meir på alvor. Desse fekk svar på tiltale, torsdag.

Det var på tide at regjeringa kom på banen med strenge og klare reglar. Men då dei først gjorde det, gjekk dei grundig til verks.

No vert Noreg meir eller mindre stengt ned. Berre dei mest nødvendige funksjonane vil halde fram dei neste vekene.

Frå no av må me alle bidra, og det er ei oppgåve me bør ta tungt. Me må følgje dei reglane som no er sette, sjølv om det avgrensar vår fridom kraftig.

Dei som no skal sitje i karantene, må gjere det. Sjølv om dei er overtydde om at dei ikkje er sjuke.

Me må halde avstand til kvarandre, og vere føre var.

Les også

Få siste nytt: Koronautbruddet direkte

Samstundes skal me heller ikkje miste hovudet.

Sørg difor for at du har eit matlager i tråd med anbefalingane frå styresmaktene, men ikkje tøm butikkane. Dei vil framleis vere opne, og meldinga frå absolutt alle hald er at det finst nok mat til alle.

I denne høgst uvanlege og dramatiske situasjonen må me som samfunn stå saman om dei strenge restriksjonane.

Berre slik kan me stoppe spreiinga av viruset, og raskare kome tilbake til den kvardagen me kjem til å sakne.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».