Den britiske Boris

Putin er ingen demokrat, men å samanlikna han med Hitler er lite tenleg.

HITLING: Den britiske utanriksministeren Boris Johnson samanliknar Vladimir Putin med Hitler. Det er lite hjelpsamt for å takle Europas tilhøve til Russland, skriv BT på leiarplass. NTB Scanpix

Å samanlikne ein motstandar med Hitler er blant dei simplaste triksa i ein kvar debatt. Like fullt var det akkurat det Storbritannias utanriksminister Boris Johnson gjorde med Russlands president Vladimir Putin denne veka. Det vil neppe gjere det lettare å løyse konflikten mellom dei to landa.

På eit tverrpolitisk møte om utanrikspolitikk sa eit parlamentsmedlem frå det britiske arbeidarpartiet Labour, Ian Austin, at «Putin vil bruke VM i fotball på same måte som Hitler brukte OL i 1936.»

Johnson sa seg samd i dette, og la til at «det er eit kvalmande framtidsbilete at Putin skal sole seg i glansen av dette sportsarrangementet».

Sjølv om Hitler-koplinga avsporar debatten, er det all grunn til å frykte at fotball-VM til sommaren blir eit PR-show for Putin. Russlands regime viste under Sotsji-OL i 2014 at dei var viljuge til å gå langt for at nasjonen skulle stråle på sigerspallane.

Etter leikane vart det avslørt eit omfattande og systematisk dopingapparat, som førte til at ei rekkje russiske utøvarar vart fråtekne sine medaljar.

Konflikten mellom Storbritannia og Russland er uvanleg hard, etter at ein russisk ex-spion og dottera hans vart forgifta for tre veker sidan. I tillegg til hard ordbruk, har Storbritannia utvist 23 russiske diplomatar.

Vladimir Putin og Russland har mykje å svare for i giftskandalen. Nervegassen som vart brukt i åtaket var ein type som er utvikla av det russiske forsvaret. Alt tyder difor på at den russiske staten er involvert, anten direkte eller indirekte ved at gassen har kome på avvege.

Putin har autoritære trekk som gjev stor grunn til uro. Opposisjonskandidatar har blitt forfølgde og undertrykt, og dei viktigaste media blir no kontrollert av Putin og hans støttespelarar. I tillegg driv regimet aktiv kontroll med sosiale medium.

Det gjev eit skralt grunnlag for eit demokratisk val, og har vore medverkande til Putins attval som president denne veka. Likevel skal ein ikkje underslå at Putin er populær i sitt eige folk, og populariteten blir neppe mindre av at ein britisk Boris samanliknar han med Hitler.

Tilhøvet til Russland er ei av dei største utfordringane for Europa framover. Den krev ei fast haldning og samhald. At den britiske utanriksministeren prøver å score innanrikspolitiske poeng ved å bruke overdrive harde ord mot Putin er ikkje til særleg hjelp.