Ei umogeleg oppgåve

Brexit var basert på løgner. Løfta som overtydde veljarane var umogeleg å oppfylle.

OPPRØR: Theresa May vert truga med mistillit frå sine eigne partimedlemmer. Ho har hatt eit umogeleg utgangspunkt, for lovnadane som vart gitt til veljarane i 2016 hadde ikkje rot i røynda, meiner Bergens Tidende. Foto: Matt Dunham, TT NYHETSBYRÅN

Publisert:

Den britiske statsministeren har levert eit Brexit-utkast som nok er det beste Storbritannia kan håpe på i sine skilsmisseforhandlingar med EU. Theresa May har hatt eit umogeleg utgangspunkt, for lovnadane som vart gitt til veljarane i 2016 hadde ikkje rot i røynda.

Politikarane lova at det skulle bli enkelt å gå ut av EU, og at pengane som britane betalte til EU-samarbeidet heller skulle gå til britiske sjukehus.

Onsdag kveld fekk ho regjeringa si med på å støtte skissa.

Les også

Hans K. Mjelva: EØS-avtalen kan ryke

Avtalen skapte eit opprør blant dei mest hardbarka EU-motstandarane i hennar konservative parti. Torsdag trakk fem personar seg frå regjeringa, blant dei Brexit-minister Dominic Raab. Han har formelt sett hatt ansvar for forhandlingane.

Raabs avgang føyer seg inn i rekka av Brexit-forkjemparar som gir seg utan å kome med eit truverdig alternativ til Mays linje.

«Det er lettare å kritisere statsministeren for å ikkje levere ein flokk med einhjørningar, enn å ha ein jobb som krev ekspertise i avl av einhjørningar», skriv Rafael Behr i The Guardian.

Les også

De fem viktigste elementene i avtalen

No vert May truga med mistillit frå sine eigne partimedlemmer. Lukkast dei, må May gå av som statsminister.

Brexit-forkjemparane ønskjer seg heilt ut av EU, EUs indre marknad og EUs tollunion. Samtidig vil dei bevare ei open landegrense mellom Nord-Irland og EU-landet Irland. Lukkast dei ikkje med det, kan heile fredsavtalen i Nord-Irland ryke.

Skissa til May har levert ei løysing på grenseproblemet, men den kan òg binde britane til EUs tollunion.

LØGN: Brexit-forkjemparar som Boris Johnson kom med løfter som var umogeleg å halde. Dei lova blant anna at pengane som britane betalte til EU-samarbeidet heller skulle gå til britiske sjukehus. Foto: Darren Staples, NTB Scanpix (Arkiv)

Dersom Mays avtale vert stemt ned av parlamentet, sit britane igjen med tre val: gå ut av EU utan ein avtale, lyse ut nyval eller ta ei ny folkeavstemming om Brexit.

Det vil vere tidenes sjansespel med folks jobbar og økonomi å forlate EU utan ein avtale på plass.

Det mest fornuftige vil vere å innsjå at Brexit var ein tabbe, og at det er umogeleg å levere det 52 prosent av folket stemte for i 2016.

Theresa May nektar å planleggje for eit slikt alternativ. Storbritannias problem er at det ikkje finst ein tydeleg opposisjon i parlamentet. Arbeidarpartiets Jeremy Corbyn vil stemme nei til Mays avtale, men har avvist ei ny folkeavstemming.

29. mars 2019 skal Storbritannia gå ut av EU. Det ser meir og meir ut som om britiske politikarar heller vil risikere økonomisk katastrofe enn å innrømme eigne feil.