Merkel vaklar

Regjerings-problema i Tyskland er urovekkjande.

Publisert: Publisert:

TRØBBEL: 12 år med makta slit på både Angela Merkels eige parti, og hennar støtteparti. Det skaper regjeringskrise i Tyskland, noko som bør uroe resten av Europa, skriv BT på leiarplass. Foto: Michael Kappeler / TT / NTB Scanpix

I 12 år har Angela Merkels Tyskland vore eit stabilt punkt i eit meir uroleg Europa, både økonomisk, politisk og moralsk. Samanbrotet i samtalane om ei ny tysk regjering er difor urovekkjande for langt fleire enn det tyske folket.

Søndag, rett før midnatt, gjekk den unge leiaren for Fridemokratane, Christian Lindner, ut av samtalane med Angela Merkel og partiet Dei Grøne i Berlin. Med det skapte han ei uvisse som Tyskland har vore skåna for sidan Merkel vart rikskanslar i 2005.

Samanbrotet i forhandlingane kom overraskande på mange, fordi tyske politikarar har tradisjon for å skape konsensus og fleirtalskonstellasjonar. Men skrifta var på veggen, for dei som ville sjå. Valet i september var det dårlegaste for Merkels parti, CDU/CSU, sidan 1949.

Endå dårlegare gjekk det med koalisjonspartnaren, det sosialdemokratiske SPD. Dei har fleire gonger, seinast måndag, gjort det klårt at dei ikkje vil gå i regjering med CDU/CSU igjen. Dei to andre opposisjonspartia, venstreradikale Die Linke og høgreradikale Alternativ for Tyskland er politisk ikkje-etande for Angela Merkel.

BROT: Søndag, rett før midnatt, gjekk den unge leiaren for Fridemokratane, Christian Lindner, ut av samtalane med Angela Merkel og partiet Dei Grøne i Berlin. Foto: HANNIBAL HANSCHKE, Scanpix

Merkels einaste alternativ for å få fleirtal er dermed den noko sprikande «Jamaica-koalisjonen», med Fridemokratane og Dei Grøne. Den politiske avstanden er større til Dei Grøne, men dei skal ha vist stor kompromissvilje i regjeringssonderingane.

Fridemokratane ser derimot ut til å ha vore meir steile. Forklaringa ligg i valnederlaget i 2013. Fridemokratane hamna då under sperregrensa, og rauk ut av Forbundsdagen for første gong på 64 år. Nederlaget kom etter fire år som koalisjonspartnar med Merkels CDU/CSU.

FPD-leiar Lindner har svore på at partiet ikkje igjen skal hamne i skuggen av Merkel. Skal dei gå inn i ein koalisjon må dei difor ha tydelege gjennomslag, noko som kan forklare brotet i sonderingane.

Med mindre Tysklands president Frank-Walter Steinmeier lykkast i å få partane tilbake til forhandlingsbordet, går det truleg mot nyval i Tyskland. Få trur CDU/CSU ønskjer å danne regjering åleine. Landet har ikkje hatt mindretalsregjeringar sidan mellomkrigstida, og erfaringane frå den tida er ikkje heilt gode.

Både tyskarar og folket i resten av Europa bør no vone på ei fleirtalsløysing. Eit ustabilt Tyskland er det siste Europa treng no.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».