Håp om eit reinare OL

Russarane si systematiske idrettsdoping og IOC sin arroganse bør ikkje øydeleggje for den olympiske ideen.

DOPINGNASJONEN: Sotsji-OL skulle vere Russlands parademarsj, med President Vladimir Putin til stades. «Vinter-OL i Sotsji for fire år sidan vart øydelagt av vertslandet sitt systematiske fusk, og vil for alltid stå som lågmål for den olympiske rørsla», meiner BT. Alexei Nikolsky / TT / NTB Scanpix

På Voss, kommunen som har bidrege med desidert flest olympiske medaljar til Hordaland, finst eit treffande omgrep. Ordet «snjaopu» beskriv ein person som er lettfota, i god form og kjapp, både i kroppen og hovudet. Dette er kvalitetar som er naudsynte for å nå til topps i idretten, og som den olympiske ideen er tufta på.

Desto meir destruktive er avsløringane dei siste åra av statsorganisert russisk doping. Vinter-OL i Sotsji for fire år sidan vart øydelagt av vertslandet sitt systematiske fusk, og vil for alltid stå som lågmål for den olympiske rørsla.

Vonleg vil dei to neste vekene i Pyeongchang i Sør-Korea bli ei oppreising for dei olympiske vinterleikane.

Les også

MATHIAS FISCHER: Propaganda uten grenser.

Sotsji-skandalen har lagt skugge over Pyeongchang. 19 russiske utøvarar vart fråtekne medaljane sine og vart utestengt frå OL, etter at McLaren-rapporten vart gjort offentleg for to år sidan. Rapporten avslørte at saka nådde høgt i det russiske systemet, heilt til sportsminister Vitalij Mutko.

Det trengst meir opprydding. Craig Reedie er toppsjef i det internasjonale antidopingbyrået Wada, men er samstundes medlem av IOC, den internasjonale olympiske komiteen. Dobbeltrolla er uheldig. Dopingavsløringane har vist at dei to organa ikkje alltid har samanfallande interesser.

Før OL i Pyeongchang har Wada vore kritisk til at IOC likevel lar russiske utøvarar ta del, under nøytralt flagg. Desse er ikkje sjølv tekne i doping, men representerer like fullt ein idrettskultur som er fullstendig skandalisert. Å la dei ta del i Sør-Korea kan undergrave Wada sin autoritet.

Prosessen etter dopingskandalen i Sotsji har gått føre seg heilt til det siste. Denne veka avviste idrettens voldgiftsrett (CAS) ankene frå 47 russiske utøvarar og leiarar, som meinte dei hadde rett til å ta del i Pyeongchang. Avgjerda bør applauderast.

Les også

20 ÅR ETTER LILLEHAMMER: - Typisk norsk å tro at vi er best.

Dopingavsløringane og IOC sin arroganse og høge sigarføring har svekka leikane sitt omdøme. Dette velta blant anna planane om å få vinter-OL til Oslo i 2022.

Russlands åtferd har ikkje gjort det enklare for andre land å ta på seg oppgåva.

Skal OL overleve i den forma vi kjenner, må kampen mot doping styrkast, og konsekvensen for dei som bryt regelverket vere utan kompromiss.

Det ville heller ikkje skade dersom pampane i IOC vert bytte ut med yngre og meir idealistiske krefter, som skjøner verdien av den olympiske ideen.

Dette vil vere dei beste signala til arrangørar og idrettsleiarar, og det kan styrkje motivasjonen hjå atletar frå heile den vinterlege verda. Også dei som kjem frå Voss.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».