Bompengar treng legitimitet

Bergen er blitt ein betre by av bompengane, men fleire må få ta del i goda.

Publisert:

BETRE BY MED BANE: Bergen ville vore ein dårlegare by å bu i, viss mange av dei som i dag tar buss og bybane hadde reist med bil. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Fleire bebuarar nord i Åsane har gått saman for å protestere mot dei nye bomstasjonane. Det har bebuarane god grunn til.

Dette er ikkje den same bompengemotstanden som Bergen har hatt i fleire tiår.

Når politikarane lagar ei byomfattande finansiering av samferdsletiltak, bør tiltaka òg vere byomfattande. Bebuarane nord i Åsane har rekna seg fram til at 98 prosent av bompengane frå 2008 til 2023 er sett av til sør og vest.

Åsane har berre fått Eikåstunnelen. Det er ei svært urettvis fordeling av goda. Byrdene vert likare fordelt.

Les også

– Vi gir oss ikke før de skjønner galskapen i dette

Bompengane har gjort svært godt for Bergen. Utbygginga av Bybanen har gjort det lettare og betre å reise kollektivt, og saman med eit forbetra busstilbod, har talet på kollektivreiser auka med 89 prosent på ti år.

Bergen ville vore ein dårlegare by å bu i viss mange av dei som i dag tar buss og bybane hadde reist med bil. Det er i heile byens interesse at bompengeordninga vert utvida, slik at utbygginga av miljøvenlege kollektivløysingar kan fortsette.

Les også

Nok er nok, og spist er spist

Åsane ville komen betre ut i reknestykket viss Bybanen til Åsane hadde blitt bygd som planlagt. På grunn av ein årelang krangel om Bryggen, vart bana til Åsane passert av Fyllingsdalen.

Det var altså ikkje planlagt at Åsane skulle få så lite utbytte av bomringen, men skulda ligg på bystyret.

Det kvilar eit stort ansvar på bystyret i å realisere Bybanen til Åsane. Viss den vert ytterlegare utsett, vil det gå endå lenger tid før bydelen får noko tilbake for bompengebidraget sitt.

Bompengar skal vere ein bytehandel. Dei som betalar, må få noko igjen. Når det vert plassert ein bomstasjon på ein veg som er så dårleg som den mellom Hordvik og Salhus, er det naturleg at befolkninga forventar at den vert utbetra.

Tiltaka i ei bypakke blir aldri heilt jamt fordelt, og det er rimeleg at Åsane òg er med på å betale. Men slike tilfeller som i nordre Åsane er openbert urimelege.

Bompengane står no i fare for å bli ei meir generell form for skattlegging, der goda ikkje er like lett å få auge på.

Dette kan utfordre heile grunnlaget for utbygginga av Bybanen, ved å gjere innkrevjinga av bompengar mindre legitimt. Det har ikkje Bergen råd til.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».