Plasten må opp frå havet

Opprydjinga på strendene våre denne veka er eit strålande stykke arbeid, men det hjelper lite viss me fyller dei opp igjen resten av året.

Publisert: Publisert:

GOD DUGNAD: Den storstilte rydjinga som no skjer i den vestlandske vasskanten er ein nødvendig dugnad, som flest mogeleg bør delta i. Foto: Bjørn Erik Larsen

Denne veka vert den nasjonale strandryddeveka arrangert. Meir enn 80.000 er påmeldt den organiserte rydjinga. Bosset er eit resultat av menneskes omsynslause forsøpling, og må vekk.

Bosset som flyt i vikene våre er forferdeleg stygt. Men det er det minste problemet. Det me kastar på sjøen endar opp i magen til dyra som lever der. Forureininga er ein trugsel mot det biologiske mangfaldet.

Sjølv om mykje av plasten kjem langvegs frå, så må òg nordmenn endre vanar for å redusere plastforureininga si. For plasten er ikkje berre ei utfordring ut mot fjordane og havet.

Berre i elvene og vatna mellom Sædalen, Paradis og Nesttun har aksjonsgruppa Hold Norge Rent registrert ti forureina område.

Les også

De skulle plukke boss på joggetur ved Flesland. Men det var litt for mye boss.

Plast er eit fantastisk stoff, med svært store bruksområde. Det forlengjer levetida på mat, det er lett, billeg og det krev lite energi. Framover må menneska likevel ta innover seg at mykje av plasten hamnar i naturen, og at den kan gjere stor skade.

Den storstilte rydjinga som no skjer i den vestlandske vasskanten er ein nødvendig dugnad, som flest mogeleg bør delta i.

Det er likevel viktig at opprydjinga ikkje blir ein kvilepute. Mykje av plasten hamnar aldri i vasskanten, og kan difor ikkje bli plukka opp av gode dugnadshender. Ein god del av bosset som ligg i havet, flyt ikkje i det heile. Det søkk til botnen, eller blir spist av fisken.

Det unødvendige forbruket av plast må ned, og folk må bli flinkare til å levere plasten der den skal.

Les også

Er å gå plastfritt å gjøre miljøet en bjørnetjeneste?

Les også

Sintef undervurderer plastforurensingen

Verda har òg enorme klimaproblem. Der plasten drep dyreliv i havet ved at fisken et plastbitane, varmar klimautsleppa opp havet og gjer vatnet surare. Utsleppa våre gjer irreversibel skade på naturen vår, men det kan bli avdempa av fornuftig, internasjonal politikk.

I motsetning til plasten, er klimagassane usynlege. Viss me finn ein fisk med plastbitar i magen, er det lett å peike på problemet. Og går plasten utover oppdrettsnæringa, kan ein knytte miljøsyndene til ein trugsel mot norsk næringsliv.

Kampen mot klimaendringane, derimot, er langt hardare. Der trengst det store teknologiske framsteg, endringar i korleis me oppfører oss og politisk handling. Nordmenn er i verdstoppen kva gjeld klimautslepp per person. Noreg eksporterer enorme klimautslepp gjennom olje- og gassnæringa vår.

Plast er eit petroleumsprodukt og det er eit oljerelatert problem. Noreg har eit ansvar for bosset. Det ansvaret har regjeringa tatt på alvor, og Noreg har vore ein av pådrivarane for ein internasjonal innsats mot plastforureining.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».