Partia må stoppe triksing med etterløn

Det må bli slutt på at statsrådar utnyttar karantenereglane til å skaffe seg etterløn.

Publisert Publisert

UTNYTTA SYSTEMET: Då Robert Eriksson (Frp) gjekk av som arbeidsminister i 2015 oppretta han eit rådgjevingsselskap. Selskapet har ifølgje Aftenposten ikkje hatt noko inntening, men utløyste ei etterløn på 632.000 kroner. Slikt skader tilliten til det politiske systemet. Partia bør no rydde opp i denne ukulturen, skriv BT på leiarplass. Foto: Stian Lysberg Solum

  1. Leserne mener

I 2014 kritiserte dåverande stortingsrepresentant Per Sandberg (Frp) avgåtte regjeringspolitikarar for å utnytte etterlønssystemet til regjeringa. Ved å opprette konsulentselskap som førte til interessekonflikt, utløyste dei kravet om karantene og dermed ei etterløn.

Nyleg avslørte Aftenposten at Sandberg sjølv truleg har gjort akkurat det same. Det har òg partifelle Robert Eriksson. Til saman har avgåtte politikarar frå Solberg-regjeringa fått 20 millionar kroner i etterløn sidan 2014.

I utgangspunktet er systemet fornuftig. Statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar som skal over i nytt arbeid der kunnskapen frå statsrådstida kan utnyttast kommersielt, bør få karantene. Eit slikt mellombels forbod mot å ta arbeid på feltet dei har jobba med politisk, bør òg kompenserast økonomisk.

Problemet oppstår når dei avgåtte statsrådane opprettar eigne konsulentselskap som ikkje har andre funksjonar enn å utløyse eit krav om karantene, og dermed etterløn. Robert Erikssons selskap «Løkka i livet» har ifølgje Aftenposten ikkje tent ei krone etter at karantenetida gjekk ut.

Les også

BT-leiar: Politikarar av og for folket

Det politiske systemet er avhengig av tillit. Folk må stole på at politikarane vil folkets beste, og ikkje brukar systemet til eiga vinning. Det gjer det lettare å få til fornuftige politiske endringar.

I Noreg er denne tilliten framleis stor, ifølgje valundersøkingane. Ser vi på verda rundt oss er ikkje det sjølvsagt.

Difor må ein slå hardt ned på alle forsøk på å undergrave denne tilliten. Å misbruke eit regelverk ved å opprette fiktive konsulentselskap, sår mistanke om at våre folkevalde er ute etter å mjøle si eiga kake.

Det er i all hovudsak feil. Dei aller fleste folkevalde i Noreg er samvitsfulle og rettsskafne folk, som gjer ein stor innsats for dei som har vald dei inn. Ved å utnytte etterlønsordningar på denne måten undergrev nokre få tilliten til dei mange, og dermed òg til det politiske systemet.

Regjeringa har varsla at dei skal sjå på karantene-systemet for regjeringa. Det holet Eriksson og andre verkar å ha utnytta, bør tettast. Men det vil neppe la seg gjere å lage eit vasstett system.

Difor handlar saka til sjuande og sist om moralen til den einskilde politikar. Regjeringspartia bør byrje med å feie for eiga dør, og gjere det klårt for sine eigne at slik framferd er uakseptabel. Opposisjonspartia bør gjere den same øvinga.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».