Guteklubben ugrei

Mennene i bergenspolitikken kan ikkje stå i vegen for kvinnene når byrådsplassane skal bli fordelt.

Publisert:

MENN MED MAKT: Thor Haakon Bakke (MDG), Mikkel Grüner (SV), Erlend Horn (V), Ove Sverre Bjørdal (Sp), Håkon Pettersen (KrF) og Sofie Marhaug (R) var tidlegare i september i møte for å avklare byrådsmakt under leiing av Aps Roger Valhammer. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Roger Valhammer. Mikkel Grüner. Thor Haakon Bakke. Erlend Horn. Håkon Pettersen. Dette er førstekandidatane frå Ap, SV, MDG, Venstre og KrF som no forhandlar med sikte på å danne byråd.

Ved valet var det berre Raudts Sofie Marhaug, Pensjonistpartiets Turid Krogh Sveen og Partiet De Kristnes Marita Moltu som stilte som kvinnelege førstekandidatar. Dei to fyrste kom inn. Byrådet må openbert spegle byen betre enn listetoppane har gjort.

Faktisk er mannsdominansen i bergenspolitikken no så ekstrem at desse fem ikkje kan få plass i byrådet. Då må ein anten bryte regelen om kjønnsfordeling i kommunelova eller utvide talet på byrådsplassar.

Ingen av desse alternativa er gode. Eit byråd må, heilt uavhengig av regelverket, ha ein balanse mellom kvinner og menn. Noko anna er uakseptabelt.

Nesten like ufornuftig er det å utvide talet på plassar. Om alle dei fem mannlege førstekandidatane får plass, må byrådet auke frå dagens sju til heile ni plassar.

Det vil sende eit nitrist signal til kvinnene i politikken: Desse fem karane er så uunnverlege at dei må med. Så får vi heller fylle opp med kvinner for å tilfredsstille kravet i lova, då.

Les også

Dette er mennene som forhandlar om makt i Bergen.

Ei slik løysing er også problematisk av andre grunnar. Nye byrådar, med rådgjevarar og andre funksjonar, vil koste meir pengar. Ei slik utviding må vere grunngjeve med at byen treng det, ikkje fordi det gjer livet enklare for partitoppane. Byrådet er til for byen, ikkje for partia.

Då står det éi løysing att: Partia må slutte å prioritere mennene på kostnad av kvinnene. Det er ikkje eit problem å finne dyktige byrådskandidatar i nokon av dei fem partia som no forhandlar om posisjonar.

Frå byrådsmodellen blei innført i 2000 hadde Bergen fjorten strake år med kvinneleg byrådsleiar. I denne valkampen har det vore klart at det ville bli ein mann på toppen.

Slik er det også rundt byen: Så langt er det berre 5 av 38 ordførarar i Vestland som er kvinner. Det held ikkje.

No må partia i byrådsforhandlingane vise at dei meiner alvor. Partia sende i sum eit dårleg signal ved å stille med så mange menn på topp.

No bør fleire av desse mennene tre til sides for å gje eit likestilt byråd.

Publisert: