Storkrig må forhindrast

Både USA og Iran har eit ansvar for å dempe konflikten før den blir endå verre.

Publisert Publisert

MÅ DEMPE SEG: – Denne krisa krev kloke hovud, og ikkje ein uføreseieleg Twitter-president, meiner Bergens Tidende på leiarplass. Foto: Tom Brenner/Reuters, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Drapet på den iranske generalen Qasem Soleimani i førre veke kan føre til stor omvelting i Midtausten.

USA har ikkje vist teikn til at dei har forstått kor alvorleg situasjonen har blitt, og kor store konsekvensar angrepet kan føre til. I staden bruker president Donald Trump stadig meir aggressiv retorikk mot Iran.

Les også

Iran tar stort skritt vekk fra atomav­talen

Både Iran og USA har bidrege til at situasjonen har eskalert, og båe partar har eit ansvar for å roe han ned.

Då USA trekte seg frå atomavtalen i 2018, opna dei døra for eit meir aggressivt Iran.

Dei siste månadane har Iran skote ned ei amerikansk drone og skote mot ein amerikansk base. Iran stod truleg bak angrepa på fleire oljetankarar i Persiabukta og på eit saudiarabisk oljeanlegg.g.

Dei skal òg ha stått bak angrepet på den amerikanske ambassaden i Bagdad.

Det er framleis uklart korleis Iran vil svare på Soleimani-angrepet. Ei ytterlegare forverring av situasjonen vil skade heile regionen. Det kan òg få alvorlege følgjer for verdshandelen.

Etter den tilspissa situasjonen i fjor sommar klarte partane å dempe konflikten. Då var det USA som lét vere å respondere på iransk aggresjon. No er situasjonen meir spent enn på lenge.

For at situasjonen skal roe seg, er det viktig at USAs regjering står samla når dei uttaler seg om Iran.

Det kan ikkje vere slik at president Donald Trump kan truge med omfattande angrep på Twitter, tett etterfølgt av dementi frå utanriksminister Mike Pompeo.

Ei slik «good cop, bad cop»-strategi er populær på film, men den har ikkje særleg nytte i ein så tilspissa situasjon som USA og Iran er i no.

Og i den amerikanske forfatninga, er ikkje utanriksministerens ord like viktige som presidentens. Denne forma for diplomati er uansvarleg og farleg.

Les også

Trump truer med å angripe over 50 mål i Iran

Innsatsen for å avgrense Iran sin innflytelse i Midtausten er viktig og legitim. Irans framferd har skapt mange lidingar i til dømes Irak, Syria og Jemen.

Soleimani har vore sentral i den aggressive strategien med å sikre Iran sine interesser i regionen, noko som i særleg grad har gått ut over sivile.

Men denne krisa krev kloke hovud, og ikkje ein uføreseieleg Twitter-president, som for tida har tankane sine både på ein riksrettssak og valg til hausten.

Noreg bør, saman med sine europeiske partnarar, legge press på både USA og Iran. Nato kan også vere sentral i arbeidet med å bidra til ein meir ansvarleg dialog mellom partane.

Det viktigaste no, er å hindre at konflikten utviklar seg til krig.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».