Ei avis bør ikkje vere meiningslaus

Bergens Tidende kjem ikkje til å ta etter Morgenbladet. Leiarartikkelen blir verande.

Publisert Publisert

HEIA LEIAREN: Bergensarar, vestlendingar og nordmenn skal vite kor Bergens Tidende står, skriv BT på leiarplass. Foto: Håkon Mosvold Larsen (arkiv)

  1. Leserne mener

«Denne lederartikkelen vil være den siste du leser i Morgenbladet på en stund», skriv konstituert ansvarleg redaktør Sun Heidi Sæbø denne veka.

Avisa står sjølvsagt fritt til å gjere sine eigne vurderingar. For Bergens Tidende er derimot leiaren ein viktig institusjon i avisa. Kvifor?

Ei avis skal vere til for nokon: Bergensarar, vestlendingar og nordmenn skal vite kor Bergens Tidende står. På sitt beste er leiaren ei tydeleg stemme som seier noko om kva ei avis meiner er viktig her og no.

Les også

Tidligere BT-redaktør Kjartan Rødland: Usignerte ledere er avisens sjel

Leiarartikkelen i Bergens Tidende er ein plass for å løfte fram viktige krav frå heile landsdelen, halde makta ansvarleg og peike på saker som fortener merksemd. Mange av leiarane skaper debatt og engasjement. Det er bra.

BT-leiarane bygger på avisas publisistiske idé, som opnar med denne setninga: «Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig.»

Dette er eit idégrunnlag med røter tilbake til avisas fyrste utgåve i 1868. I generasjonar har abonnentane visst kva BT står for.

Dette er likevel ikkje det same som at resten av journalistikken i Bergens Tidende skal spegle dette synet. Det skal aldri vere tvil om at nyhendejournalistikken er fri og uavhengig av avisas ideologiske grunnsyn.

Les også

BT meiner: Det er gode tider for vestnorsk sider

Kommentatorar, lesarbrevskribentar og alle som blir sitert i nyhendeartiklane står for eit mangfald av meiningar. BT er tydeleg på avisas eige utgangspunkt, og dyrkar samstundes den frie debatten. Det er bra for lesarane.

«I Morgenbladet ønsker vi ikke at redaksjonen skal tale med én stemme», skriv Sæbø om at leiaren forsvinn. Som om dét var tilfelle i avisa fram til dei avskaffa leiaren.

No vil ikkje lenger Morgenbladets line bli forklart og utdjupa for lesarane på leiarplass.

Det vil seie: «I store spørsmål og i saker der vi tror at det betyr noe for leserne hva Morgenbladet mener, vil vi fortsatt bruke lederformatet.»

Les også

BT meiner: Politidirektøren skal ikke opptre som politiker

Avisa meiner at leiarartikkelen er forvirrande for lesarane, men trur det kan bli enklare med ein modell der formatet dukkar opp no og då.

Morgenbladet skal framleis vere ei meiningsberande avis. På den mest prestisjefylte plassen, leiarteigen, skal avisa bokstaveleg talt bli meiningslaus.

Bergens Tidende vil framleis bruke leiarartikkelen til å opplyse, engasjere og utfordre til det beste for vestlendingar og verdsborgarar.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».