Endeleg vind i møllene i Nordsjøen

Enovas støtte til Equinors flytande vindkraftverk er godt nytt, både for klimaet og norsk industri.

STARTSKOT: Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) og regjeringa har mykje av æra, sjølv om statlege Enova stod for statsstøtta som gjer mogeleg den første flytande havvindparken på norsk sokkel. Godt nytt for både klimaet og norsk industri, skriv BT på leiarplass. Vidar Ruud

Torsdag kunngjorde statlege Enova at dei vil gje 2,3 milliardar kroner i støtte til Equinors planlagde flytande havvindpark Hywind Tampen i Nordsjøen. Alt tyder no på at Equinor vil gå i gang med prosjektet. Eit endeleg vedtak er venta før jul.

Tildelinga er svært gledeleg. Equinor er leiande i verda på flytande havvindturbinar, eit forsprang som dei fort kunne miste om ikkje dei kom vidare i industrialiseringa av teknologien.

Ein del i miljørørsla har vore skeptiske til tildelinga, sjølv om det har vore lite kritikk å spore etter nyhende sprakk torsdag. Dei fryktar at Equinor tek ein så stor del av budsjettet til Enova, at det vil gå ut over andre prosjekt. Frykta er ikkje ugrunna. Tildelinga er den klart største frå Enova nokon gong.

Det er difor viktig at regjeringa sørgjer for at Enova har nok midlar til å gjere ein god jobb. Enova er eit av dei viktigaste og mest effektive instrumenta staten har til å få ned klimautslepp, og skunde på omstillinga til fornybarsamfunnet.

Det kan òg unekteleg verke ironisk at vindturbinane skal gje straum til to oljeplattformer, Snorre og Gullfaks. Men dei skal erstatte gasskraftverket på plattforma, noko som åleine vil kutte dei årlege utsleppa i Nordsjøen med 200.000 tonn CO₂.

Les også

Elektriske snøggbåtar og statens pengesekk

Den viktigaste er likevel at norsk industri no kjem vidare i utviklinga av flytande havvind. Medan vindkraft på land og på grunt vatn er i ferd med å bli lønsamt utan subsidiar, er flytande vindturbinar framleis for dyrt. Skal ein få ned kostnadene må det byggast langt fleire flytande vindturbinar. Det vil gje læring og meir effektiv produksjon.

Prosjektet er spesielt viktig for Vestlandet. Oljealderen vil ikkje vare evig. Difor er det viktig å finne nye nisjar å gå inn i. Dette er eit glimrande døme på korleis ein kan bruke kompetansen som er bygd opp i oljeindustrien på nye område. Til dømes i Gulen, der dei i går kunne juble for oppdraget med å kople turbinane og understellet saman.

Flytande havvind vil ikkje åleine vere nok til å redde norsk industri, men det er eit viktig steg på vegen. Og fordi mykje av verdas vindressurar er på djupt hav, kan det òg bli eit viktig norsk bidrag i kampen mot global oppvarming.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».