Eit evig sår

Noreg er ikkje ferdig med å lære av dei grufulle hendingane 22. juli, sjølv åtte år etter.

Publisert:

22. JULI: Det er åtte år sidan terroråtaket i Oslo og på Utøya. Framleis har Noreg ein lang veg å gå for å ta eit oppgjer med idéane bak terroren, meiner Bergens Tidende. Foto: Paal Audestad (Arkiv)

I dag er det åtte år sidan terroren råka Oslo og Utøya. Det offisielle Noreg, men spesielt AUF og Arbeidarpartiet, vart råka hardt.

77 menneske vart drepne; dei fleste var politisk aktiv ungdom.

Terror er politisk motiverte drap. Sjølv om gjerningspersonen er åleine kan mange dele terroristens vrangførestillingar.

22. juli-oppgjeret har to viktige element: Kamp mot rasisme og kamp mot politikarforakt – spesielt Ap-hatet. I fjor kom det fram at mange overlevande etter terroråtaket framleis tok imot trugslar og hets frå andre nordmenn.

Dette oppgjeret har ikkje kome langt nok. Høgreekstrem ideologi og rasisme har framleis eit valdspotensial.

Les også

BT mener: Slå ring rundt de overlevende

Det er etablert ei sanning om at det er så lett å skulde folk for rasisme. At «rasismekortet» stadig vert brukt. At det knapt nok går an å diskutere innvandring utan at ein vert stempla.

Det stemmer ikkje. Ingenting av det er rett.

Innvandring vert diskutert heile tida, og både folk og medium går store, retoriske omvegar for å unngå å stemple folk som rasistar. Av og til er dei omvegane ei kvitvasking av rasisme.

Ein treng berre sjå til USA for kor openberr rasismen kan vere, og kor vanskeleg det er for samfunnet å slå ned på den.

President Donald Trump har kome med rasistiske utfall mot fleire mørkhuda, amerikanske kongressrepresentantar den siste tida. Presidenten har bedt dei om å reise tilbake der dei kom frå.

Det er hudfargen som gjer Ilhan Omhar og dei andre representantane mindre amerikanske i Trumps auge. Det er rasisme.

Altfor ofte vert openberr rasisme trivialisert. Då New York Times omtala saka, refererte dei til folk som skulda Trump for rasisme. Avisa burde berre slått fast at det var slik.

Les også

Eirin Eikefjord: 22. juli-kortet

Vanleg referering av to sider fører her til at dei ser meir likeverdige ut enn dei eigentleg er. Rasisme er heller ikkje ei teoretisk øving. Gifta finst, skadar og drep, sjølv om fleirtalet er immune.

Det er ikkje hudfargen som avgjer om ein er norsk, men likevel ser ein altfor ofte at norske statsborgarar vert omtala som utlendingar. Lar ein hudfarge, religion eller etnisk opphav påverke om nokon er «norsk nok», skaper ein rom for meir hat.

Det er dette 22. juli må minne oss på kvart år: Kampen mot rasisme går føre seg heile tida, og Noreg er ikkje ferdig med det oppgjeret. Ikkje på langt nær.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».