Bygg vegen – og banen

Det er fullstendig uakseptabelt å utsetje ny veg og jernbane mellom Voss og Bergen. No må regjeringa innfri løfta sine.

LIVSFARLEG: E16 mellom Bergen og Voss er ein av dei farlegaste vegstrekningane i Noreg. Her frå ein demonstrasjon på Stanghelle i 2015. Rune Sævig (arkiv)

Det finst nokre seigliva mytar i politikken. Ein av dei er at dei store samferdslesummane på statsbudsjettet går til vegar, bruer og tunnelar i grisgrendte strok på Vestlandet.

I røynda er det heilt motsett: Der regjeringa skal bruke nesten 36.000 samferdslekroner pr. austlending fram til 2023, går det under 23.000 kroner pr. vestlending til det same formålet.

I realiteten går vestnorske skattekroner til å subsidiere asfalt og skjener austanfjells.

Les også

Åpner for å utsette utbygging av jernbane mot Voss

Staten fullfinansierer store austlandsprosjekt som er samfunnsøkonomisk ulønsame. Denne skeivfordelinga frå regjeringa må ta slutt.

Ny E16 og jernbane mellom Arna og Voss er eit av dei viktigaste samferdsleprosjekta nett no. Ikkje berre for Bergen eller for Vestlandet, men for heile Noreg.

Austlandet får allereie 86 prosent av investeringsmidlane til jernbane her til lands. Vestlandet sit att med sju prosent av kronene i Nasjonal Transportplan.

Dei siste vekene har BT og fagbladet Byggeindustrien vist at bane og veg mellom Arna og Stanghelle no er rekna til å koste 25 milliardar kroner – elleve milliardar meir enn for fire år sidan. Det har fått fleire politikarar til å diskutere om prosjektet bør bli nedskalert eller utsett.

25 milliardar er mykje pengar. Det er likevel heilt uakseptabelt om resultatet blir at regjeringa reduserer standarden på ny veg og bane, eller skyv delar av prosjekta fram i tid.

Les også

Byrådslederen om foreslåtte kutt på E16: – Dersom det skal kuttes noe sted, er det på Østlandet

Det fyrste alternativet gjev ikkje det løftet Noreg og landsdelen treng, og som tidlegare samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lova i desember i 2015.

Å droppe dobbeltspora jernbane og fullstandard motorveg vil vere eit av dei mest spektakulære løftebrota frå regjeringa mot Vestlandet.

Å skyve prosjekta fram i tid er likevel endå verre: E16 er ei av dei farlegaste strekningane i Noreg når det gjeld både ras og møteulukker. I tillegg vil ei utsetjing skyve rekninga over til neste regjering og auke sluttsummen.

For fire år sidan meinte Solvik-Olsen at ny veg og bane var ei løysing i Rolls-Royce-klassen. No kan resultatet bli at regjeringa bed folk og næringsliv i vest velje mellom Lada og ingenting.

Svaret frå Vestlandet er enkelt: Bygg vegen og banen. No.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».