Hald poli­tiet unna valkampen

Politiet bruker makt for å stoppe valkamp – og ja, det er i Noreg det er snakk om.

SENSUR: – Saka føyer seg inn i ei lang rekke tilfelle, der politiet går over stokk, stein og det norske lovverket for å påverke norsk rusdebatt, meiner Bergens Tidende. Unge Venstre

Unge Venstre er blitt hindra i å drive valkamp fleire stader i landet, etter at ungdomspartiet ville dele ut materiell som argumenterer for legalisering av cannabis.

Både politiet, fylkeskommunar og skular har hindra partiet å drive valkamp. Det er vanleg i autoritære statar. I Noreg er det ei uakseptabel innskrenking av både demokratiet og ytringsfridomen.

Skulevalet er viktig for å lære ungdom om både politikk og demokrati. Det mest grunnleggande i eit demokrati, er at valet og valkampen skal vere fri og rettvis. Staten skal ikkje favorisere enkeltparti eller enkelte meiningar. Og det skal sjølvsagt vere lov til å argumentere for at noko som er forbode i dag, skal bli lovleg.

Det ser ut til at både politi og skulevesen treng ei oppfrisking av desse kunnskapane.

I motsetning til politiets inngriping, er kampanjen til Unge Venstre lovleg. Dei argumenterer for ei lovendring, som det finst saklege argument for å støtte. Det må vere opp til politiske motstandarar å argumentere mot dette.

Når tre politidistrikt gjer det same, er det ein systemfeil.

Politiets oppgåve er ikkje å beskytte lovverket mot endring, men å avdekke lovbrot. Det er to vidt forskjellige ting, men politiet slit med å sjå forskjellen.

Les også

Morten Myksvoll: «Politiet må slutte å bryte lova for å ta nokre gram hasj»

Politiet argumenterer med at Unge Venstres kampanje bidreg til å endre haldningar til rusbruk hjå folk. Men å argumentere for legalisering er ikkje det same som å oppmode til narkotikabruk.

Unge Venstre kunne vore meir taktfulle, då dei utarbeidde materiellet. Dei deler ut jakkemerke med slagordet «legalize it». Materiellet er illustrert med ei hand som held ein hasjsigarett. Kampanjen kan forsterke myten om at folk som vil legalisere narkotika gjer det fordi dei vil bruke rus sjølv.

Men det er langt frå kritikk til sensur.

Saka føyer seg inn i ei lang rekke tilfelle, der politiet går over stokk, stein og det norske lovverket for å påverke norsk rusdebatt.

No er det på tide at Justisdepartementet tek eit oppgjer med politiets oppførsel. Dei kan rett og slett ikkje berre sitje og sjå på valkampen vert sensurert.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».