Det hastar for Statoil

Kostnadskutt hos Statoil må ikkje gå utover tryggleiken i verksemda.

Publisert Publisert

Konsernsjef Eldar Sætre må snarast råd finne svar på korleis hendingane kunne skje, og han må få samarbeidet med dei tillitsvalde på sporet igjen, skriv BT på leiarplass. Foto: Rune Nielsen

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Seks alvorlege hendingar på Statoil-anlegg i oktober er seks for mange. I tre av dei kunne liv ha gått tapt, ifølgje Petroleumstilsynet. Det er svært alvorleg. Statoil-toppsjef Eldar Sætre må gjere det han kan for å finne ut korleis det kunne skje. Tryggleiken må ikkje vike for inntening.

Statoil har ei lang historie med høg merksemd på HMS-arbeid. Dei siste åra har kostnadskutt blitt ein del av den vanlege Statoil-kvardagen. Det er naturleg at Statoil går gjennom verksemda for å sjå kor ein kan spare pengar. Ein halvert oljepris på to år krev kostnadskutt for å halde innteninga på eit akseptabelt nivå.

Men ein må ikkje spare seg til fant. I tredje kvartal auka talet på såkalla uønskte hendingar. Ein 17 år gammal skulegut blei kritisk skadd under ein gasslekkasje på Stureterminalen, det har vore brann på Statfjord A, brønnproblem med ein rigg på Troll-feltet, og gasslekkasjar på Gullfaks og Troll.

Til saman blir dette ein statistikk Statoil ikkje kan leve med.

Les også

Tastefeil i India stanset produksjonen på Mongstad

Statoil-direktør Arne Sigve Nylund sa til NRK sist veke at det ikkje var samanheng mellom kostnadskutt og hendingane. Det er arrogant å slå dette fast før hendingane er granska. Like etter la han likevel til at Statoil no skal granske hendingane for å sjå om det auka talet på hendingar og kostnadskutta kan hengje saman. Det er ei langt meir fornuftig tilnærming.

Statoil har heller ikkje noko val. Direktøren for Petroleumstilsynet, Anne Myhrvold, er krystallklar i si forventning til Norges største selskap. Ho er bekymra over utviklinga og seier det hastar å få svar.

Før helga blei det kjent at det i interne Statoil-rapportar er uttrykt uro over at outsourcing av IT-arbeid til India kan føre til mindre trygge tilhøve ved Statoil sine anlegg. Petroleumstilsynet blei ikkje varsla om at ein IT-tilsett stoppa produksjonen på Mongstad, og kalla Statoil inn på teppet.

Tillitsvalde i Statoil fortel at dei aldri tidlegare har opplevd så mange alvorlege hendingar. Dei har brote HMS-samarbeidet med leiinga. Det er uheldig og uttrykk for ei djup tillitskrise mellom tilsette og leiing.

Tilsette har naturleg nok eit ønske om at færrast mogeleg skal miste jobbane. Dei mislikar at jobbar blir flytta til utlandet. Men den urovekkjande utviklinga i Statoil rundt tryggleiken er høgst reell. Før hendingane er ferdig granska, skal ein vere forsiktig med å spekulere i årsakene. Men faktum er at Statoil den siste tida har opplevd altfor mange tryggleiksbrot.

I ein situasjon med kraftig nedbemanning er det leiinga si oppgåve å sørgje for å ta vare på ein kultur der HMS-arbeidet er prioritert. Det betyr mellom anna at det skal vere trygt for tilsette å varsle om risiko som oppstår eller om det skjer regelbrot. Leiinga må vise tydeleg at det er lov å kome med kritikk.

Konsernsjef Eldar Sætre må snarast råd finne svar på korleis hendingane kunne skje, og han må få samarbeidet med dei tillitsvalde på sporet igjen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».