Løysinga er ikkje militær

Verdas maktesløyse i høve til Nord-Korea er eit problem. Kina sit på nøkkelen til løysinga.

BOMBE: Nord-Korea sendte søndag ut eit bilete av Kim Jung-un ved sidan av det som skal vere ei hydrogenbombe, som skal ha blitt sprengd same dag. NTB Scanpix

Internasjonale fordømmingar og trugsmål om militære reaksjonar ser ikkje ut til å ha noko innverknad på Nord-Koreas diktator Kim Jung-un. Søndag sprengde landet det dei hevdar å vere ei hydrogenbombe. Bomba skal ha vore mellom tre og ti gongar kraftigare enn bomba USA slapp over Hiroshima i 1945.

USAs forsvarsminister James Mattis svarte at «eit kvar trugsmål mot USA eller våre territorium, eller allierte, vil bli møtt med ein massiv, militær respons». Det kan tolkast som at USA opnar for å angripe Nord-Korea først, før dei angrip andre.

Sprenginga kjem berre ei veke etter Nord-Korea sende ein rakett over Japan. I sommar sende dei ein annan rakett ekspertar meiner kunne nådd Alaska. Det er eit spørsmål om tid før Nord-Korea har teknologien som skal til for å sende atomvåpen over amerikanske byar.

Les også

Truende temperaturøkning

For ein månad sidan truga USAs president Donald Trump med at trugslar frå Nord-Korea vil bli møtt med «eld og raseri verda ikkje har sett maken til». USA har mange planar for å øydeleggje atom- og rakettanlegga til Nord-Korea. Men ifølgje amerikanske regjeringskjelder kan ingen av dei garantere at USA klarer å ta ut alle i eitt åtak, skriv New York Times.

Eit militært angrep vil difor kunne få katastrofale følgjer for USAs allierte i regionen, spesielt Sør-Korea og Japan. Det er difor eit godt teikn at Trump denne gongen twitra om å kutte all handel med land som handlar med Nord-Korea.

Tatt bokstavleg er heller ikkje dette trugsmålet særleg realistisk. Ein full stans i handelen med Kina ville få katastrofale konsekvensar for USA og verdsøkonomien. Trump kan likevel leggje press på andre måtar. Kina-ekspert Gordon G. Chang viser til dømes til at USA kan truge med sanksjonar mot Bank of China, med grunngjeving i at dei kvitvaskar pengar for Kim Jong-un.

Hardare press mot Kina er den mest realistiske vegen vidare for USA. Kina sit med nøkkelen til å få regimet i Pyongyang til å endre kurs. Utan olje frå nabolandet ville det nordkoreanske regimet kollapse på kort tid.

Likevel sit det langt inne for Kina å gje etter. I dag ligg Nord-Korea som ein buffer mot amerikanske styrkar i Sør-Korea. Eit sameint Korea ville opna for amerikanske styrkar heilt inn til grensa til Kina.

Presset på Kina må difor kombinerast med diplomati der òg USA gjev noko. Alternativet er ein krig ingen kan sjå utgangen av.