Homoen på jobben

Ei ny undersøking viser at skeive er langt meir utsette for hatytringar og truslar enn folket elles. No må tiltaka kome.

IKKJE PÅ JOBB: Kvart år blir gatene i Bergen fylt av folk som feirar Regnbuedagene. Men dei viktigaste tiltaka må kome der folk er i kvardagen. Rune Sævig (arkiv)

Korleis er det å vere ho eine lesbiske på ein arbeidsplass? Kva slags hat møter transpersonar på nettet?

Ei ny undersøking, utført av Institutt for samfunnsforskning på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), gjer at vi veit langt meir enn tidlegare om stoda for LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar).

Og tala er dyster lesnad: 15 prosent av LHBT-personane i undersøkinga fortel at dei er blitt utsette for konkrete truslar det siste året. Talet blant folket elles er fire prosent.

36 prosent har opplevd nedsetjande kommentarar og 23 prosent har møtt hatefulle ytringar. Det er om lag dobbelt så mange som blant folket elles.

Internett og sosiale medium er den klart vanlegaste plassen å bli utsett for slike hatefulle ytringar, fortel rapporten. Men på andreplass kjem arbeidsplassen, og like bak kjem offentleg transport.

Les også

Jens Kihl: Pass deg for toget, Frp

Det fortel ei dyster historie om Noreg, eit land som elles kan skryte av å vere verdas nest beste land å vere homofil i.

Med denne rapporten har Noreg eit mykje betre utgangspunkt enn tidlegare for å finne gode tiltak ein kan setje i verk.

For det fyrste er det viktig at skulane gjev god opplæring om kva mangfald i kjønn og seksualitet handlar om.

For det andre bør arbeidslivets organisasjonar ta problemet med hets på arbeidsplassen på alvor. Arbeidet mot trakassering av skeive arbeidstakarar bør vere ein naturleg del av alle handlingsplanar mot seksuell trakassering på arbeidsplassar, i organisasjonslivet og elles.

For det tredje må skeive som er utsett for hatefulle ytringar kunne vere trygge på at politiet prioriterer å følgje opp saka deira. Det skjer i for liten grad i dag.

Les også

Jens Kihl: Er det berre eg som er prippen?

Eit heilt konkret tiltak for å gjere det lettare å vere skeiv over heile landet, er pride-arrangementa kvar sommar. Denne veka kom nyhenda om at Sogn og Fjordane får sin fyrste pride-festival til sommaren.

Det er positivt at fjordfylket blir ein del av bygdepride-trenden her til lands, og det kan vere med på å byggje ned fordomar og hat. Målet må vere at alle skal kunne leve som den dei er og elske kven dei vil.

Ingen er fri før alle er fri.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».