Ja til fråværsgrense i ungdomsskulen

Fråfall bør fangast opp før det er for seint.

GRENSE: Høgres Henrik Asheim foreslår å innføre ei fråværsgrense i ungdomsskulen. Det er ein god idé, skriv BT på leiarplass. Pedersen, Terje / NTB Scanpix

I fjor sommar kom ei undersøking som viste at over 22.000 elevar i grunnskulen er vekke frå skulen i minst ein månad kvart år. No vil stortingsrepresentant Henrik Asheim (H) at ein innfører ei nasjonal fråværsgrense på ungdomsskulen, for å få gjort noko med problemet. Det er ein god idé.

Rett forma ut kan ei fråværsgrense bidra til å fange opp ungdom som slit før det er for seint. Stort fråvær gjer at ein mister viktig læring, og gjer det endå vanskelegare for slike elevar å klare seg når dei skal over i vidaregåande.

Forslaget, som Asheim vil fremje på Høgres landsmøte i mars, vil ikkje gjere at dei unge mister karakterar, slik fråværsgrensa i den vidaregåande skulen gjer. Inspirasjonen er likevel henta frå vidaregåande, der fråværsgrensa på 10 prosent har fått ned fråværet dramatisk.

Sjølv om oppmøte er obligatorisk i grunnskulen, finst det i dag ingen klare retningslinjer for å fange opp elevar som har høgt fråvær. Mange barn med mykje fråvær blir i dag ikkje fanga opp før ein koplar inn barnevernet. Då har det gått alt for langt.

Ei nasjonal fråværsgrense vil ha fleire fordelar, men ikkje utan at den utløyser tiltak. Det vil vere naturleg at det vil gå eit varsel til foreldra når eleven nærmar seg fråværsgrensa. På den måten blir foreldre ansvarleggjort.

Asheim ser òg for seg at brot på grensa utløyser hjelpetiltak frå skulen, som innkalling til helsesjukepleiar. Ei formell, nasjonal fråværsgrense vil såleis òg ansvarleggjere skular og kommunar, slik at dei følgjer opp desse elevane betre og sørgjer for at dei har kunnskapen og vanane som skal til for at dei klarer seg i den vidaregåande skulen.

Det er mange ulike årsaker til at ungar er borte frå skulen. Ifølgje forskar Trude Havik ved Universitetet i Stavanger har den største gruppa såkalla subjektive helseplager, som igjen heng tett saman med skulevegring. Desse ungane treng hjelp til å kome seg til skulen.

Ingen har meir å tape på at dei held seg borte enn elevane sjølve. Men når fråfallet i grunnskulen forplantar seg til fråfall i den vidaregåande skulen og arbeidslivet, er det òg eit samfunnsproblem. Å innføre ei fråværsgrense som utløyser tiltak vil vere eit godt første steg for å få bukt med problemet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».