Henda i vêret

KrF bør gjennomføre ei open røysting for å gje resultatet legitimitet.

SKILTVAKT: Knut Arild Hareide brukte røysteskiltet sitt på årsmøtet i Hordaland KrF laurdag. Det bør han gjere på landsmøtet i morgon òg, meiner Bergens Tidende. Foto: Bard Bøe (arkiv)

Publisert:

I morgon opnar tidenes mest omtalte landsmøte i Kristeleg Folkeparti. Dei 190 delegatane skal ta stilling til om partiet skal gå inn i Solberg-regjeringa, framleis sitje i opposisjon eller gå til venstre og søkje regjeringsmakt der.

Ved dei to fyrste alternativa blir Erna Solberg sitjande som statsminister. Det tredje gjev Jonas Gahr Støre plass ved Kongens bord. Det er svært jamt mellom den raude og den blå blokka. Berre få røysters endring kan vippe heile resultatet.

No går det ein strid i KrF om kor vidt røystingane over dei ulike alternativa bør skje ope i landsmøtesalen eller ei. Skal røystinga skje ved at delegatane held opp røysteskilta sine, eller bør ein kunne votere skriftleg? Ved det siste alternativet får ein ikkje vite kven som røysta kva.

Og det held ikkje. Etter årevis med styringsvegring er Kristeleg Folkeparti endeleg i ferd med å seie ja til å søkje makt. Det er bra. Alle parti bør gjere kva dei kan for å omsetje røystene dei fekk i politisk gjennomslag. Men om KrF no kastar statsministeren eller går inn i regjeringa, bør det uansett skje i ope lende.

Les også

Morten Myksvoll: Jakta på rettferd

Ingen delegatar reiser på landsmøtet med bunde mandat. Dei skal ha høve til å skifte meining dersom det dukkar opp nye moment eller om dei vektar eksisterande argument annleis.

Det er likevel ikkje slik at dette er ei sak som berre gjeld den enkelte delegaten. Det er ikkje berre ho som får ny statsminister eller ei ny fleirtalsregjering – alle nordmenn får det.

Delegatane er valde med bakgrunn i at ein har det eine eller andre synet. Då bør ein òg ha mot til å kunne fortelje landet det om ein endrar meining. Spørsmålet om open eller lukka røysting blir no brukt som eit kort i kampen om siger. Det er ikkje eit vakkert syn.

Det er opp til KrF å velje kva veg partiet skal ta. Alle delegatar kan skifte meining og det bør ein ha respekt for. Men dei bør kunne vere opne om kva dei røysta.

Eit regjeringval treng legitimitet.