For lite forsvar

Noreg har ikkje råd til eit svakt forsvar.

STØRRE KRAV: – Med dagens struktur og reaksjonsevne, vil me verken klare å tilfredsstille auka nasjonale behov eller innfri auka Nato-krav, sa forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen i sin årlege tale til Oslo Militære Samfund. Fredrik Hagen, NTB scanpix

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen seier at hans tidlegare framlegg til «minimumsforsvar» ikkje lenger er stort nok. – Det er for lite til at Forsvaret over tid kan klare våre plikter nasjonalt og internasjonalt, sa han i sin årlege tale i Oslo Militære Samfund måndag.

Noreg er nøydd til å ha eit forsvar som evnar å vakte landegrensa samtidig som me deltar i internasjonale operasjonar.

Det vert umogeleg, ifølgje Bruun-Hanssen, og peikar på utfordringar for både Marinen og Hæren. – Med dagens struktur og reaksjonsevne, vil me verken klare å tilfredsstille auka nasjonale behov eller innfri auka Nato-krav, sa han.

Denne evna vart svekt då KNM «Helge Ingstad» gjekk på grunn i fjor.

Som eit lite land, har me ikkje råd til å velje mellom dei to retningane. Dersom Noreg ikkje deltar i Nato-oppdrag, vil det svekkje den solidariteten som ligg til grunn for Nato-alliansen.

Dersom Noreg kjem under angrep, skal me kunne stole på at andre Nato-land kjem til unnsetning.

Les også

Forsvarsministeren: – Mange har hatt tøffe og skjellsettende opplevelser

Som naboland til Russland, har me ikkje råd til å svekkje verken grensepatruljane eller det maritime nærværet i Barentshavet. Utfordringane er derimot ikkje avgrensa til eit slikt klassisk invasjonsforsvar.

I september i fjor gjekk finske styresmakter til aksjon på ei øygruppe utanfor den viktige hamnebyen Åbo. Der hadde eit selskap knytt til Russland kjøpt opp gamle marinefartøy og bygd opp det som likna på ein marinebase midt i den viktige skipsleia.

Dette er ei form for hybridkrigføring som Noreg må vere meir og meir observant for i åra som kjem.

Les også

Ingen vet hvem som skal betale for redning og reparasjon av fregatten

Noreg har forplikta seg til å trappe opp pengebruken på forsvarsfeltet. I 2014 vedtok Nato-landa at dei skulle bevege seg mot eit forsvar på to prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). I 2017 brukte Noreg 1,6 prosent av verdiskapinga på forsvaret.

Noreg treng eit sterkare forsvar enn det som kjem ut av den noverande langtidsplanen. Pengebruken må òg opp, fordi Forsvaret er for lite. Det er likevel viktig at ein ikkje blir så opphengt i å bruke mykje pengar at ein ikkje brukar dei fornuftig.

Det er ikkje forbruket i seg sjølv som skal halde oss trygge, men tilstrekkeleg utstyr og mannskap på rett plass.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».